Noen av båtene mangler noen mål. Jeg har tatt med pram selv om jeg regner med det er en grunn til at de konsekvent kun har målene og .
Lag figur som viser målene. Både i 2d og som interaktiv diagram. Fig X – Tegning av målepunkter og lengder
Stasjonene er gruppert etter ulike tema for å gjøre utstillingen mer oversiktlig.
Noen av båtene mangler noen mål. Jeg har tatt med pram selv om jeg regner med det er en grunn til at de konsekvent kun har målene og .
Denne båten er stor som ein fjørnfar. Han er spiss-stemnd og har ope notrom midt i. Det er notbord på sida. Båten høyrde til nye Ormbostad notlag. Båtbyggaren var Ole Andreasen Reiten (Saksin). Det finst fleire notbåtar laga over same lest, men dei er ikkje så store som den på Jørnøya. Det er påfallande at denne båten vart bygd så seint som i 1912 til 1913. Det var lenge etter at notbåtar av hardangertype var tekne i bruk. Kva kunne fordelen vera?
Storgavlen er ein gavla sildenotbåt og av den typen som var utvikla i Hardanger. Slike båtar vart importert til Nordmøre i andre helvt av 1800-talet. Etter kvart vart slike båtar bygd lokalt.
Båten er svært forseggjort. Etter tradisjonen på garden vart denne båten nytta til vinterfiske. Det var kastarbåt og rodd for vær på Smøla. (Veidholmen, Brattvær). Båten har jamvel vore på Lofoten.
Båten har fungert som allsidig bruksbåt. Det er også rimeleg å tolke båten som skyssbåt. Tre som rodde og to om sat på. Dette er ein temmeleg typisk trerøring og med ei alderdomleg preg. Båten kan vera bygd før 1860. I sumt minner han om båtar bygde i 1830-åra. Nærare undersøkingar trengst. Båten kan ha hatt tilsvarande bruk som 47 Trerøring frå Fjærlia.
Fjordamerra høyrde heime i Årvågsfjorden. (Tidlegare Stemshaug, no Aure kommune). Båten vart i følgje Isak Årvåg bruka der til i 1911. Då var han som sju-åring med på den siste turen. Kyrkje på Stemshaug var ferdig i 1908. Fleire tok landevegen fatt. Motorbåtane hadde også teke til å dure.
Båten kan vera bygd for heimefiske med smågarn. Her er han utstyrt med det meste som høyrer båten til av tilfar og framdriftsutstyr, men det er eit spørsmål om kva som er ein båt.
Stormfuglen vart rekna som ein særskilt rask båt for segl. Det kan ha samanheng med den spesielt fine botn som denne båten har. Medika er hoggen med meir holning enn det som er vanleg. Teknologisk høyrer den hulhogne medika til ein eldre generasjon båtar.
Femring er båt med fem rom. Denne femringen kjem frå Vik notlag i Aure der båten sto då naustet rasa saman. Han vart truleg bygd for linefiske etter skrei, men seinare ombygd til notbåt. Båten er svært fint bygd og har ein botn som tyder på at det har vore ein god seglar.
Lindåsfyringen ter seg ikkje som ein typisk aurgjelding Båten høyrde likevel til på garden Lindås i Aursundet. Det er ein typisk gardsbåt, fyring for allsidig bruk. Ein slik båt kan til dømes laste 10 tønner. Difor står denne båten ved slutten av brukstilpassinga. I samanhengen står han på spranget til tønna. Tønna er tilpassa båten og båten er tilpassa tønna. Dei er integrerte delar av det same produksjonssystemet.
Båten er henta frå naustloftet i Torvika (Surnadal). Han kom til Torvika i 1918 og vart nytta til føringsbåt. Det var allsidig førsle av slikt som gardane trong, anten å hente eller å levere. Gjevaren av båten, Nils Torvik, sa det slik: Det var både daudt og levandes. Å ro slakt var ikkje uvanleg. Vi har høyrt om tilfelle då det vart slakta ombord. Det kunne trøyte tida i lang veg.
Denne båten kjem frå Bolsøy, no Molde kommune. Båten vart levert inn i byte mot ein ny kopi. Geitbåten finst i tre variantar. Den sørlegaste er romsdalsgeita som finst i nordlege og austlege delen av Romsdal. Den midtre som det er flest av vert kalla søfjording, medan den nordlege varianten er Aurgjelding. Sjå også kart på Stasjon 1 – Oversyn over utstillinga.
På Sunnmøre oppsto det ein båttype som vert kalla snidbetning. Sjå båt 32 Snidbetning på Stasjon 11 – Teknologi-historie. Det ser ut som at utforminga av denne båttypen kom ein stad nær år 1700 (sjå boka Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal).
Båten har også nr KMG 6. Det er ein lystring, med ørhu. Det er ein liten notbåt bygd som lystring, men med notbord på sida, slik den gamle skikken var på Nordmøre. Spegel over båten vil kunne få fram detaljar kring denne spesielle rigginga.
Kunta er bygd ved Finnvik båtbyggeri på Straumsneset kring 1955.
Krøtterbåt er ein båt som vart bygd for frakt av ku, hest og sau. Gardane på Valsøya hadde seter og beite på fastlandet. Såleis laut krøttera fraktast frå øya om våren og hentast heim att om hausten. Då laut det særskilt sterkbygde båtar til.
Nordlandsbåten var etter 1860 ein etter tida toppmoderne effektiv båt til dei oppgåvene han hadde og i dei farvatna som han høyrde til. Båten skulle farte lange strekningar og ofte i stilla. Båten skulle bera fisk inn frå havet, og båten skulle stå han av når dei polare lågtrykka busta seg opp.
Dette er ein storvoren fyring og som har vore nytta som allsidig bruksbåt frå ein av Engdals-gardane (Halsa, tidlegare Aure, no Heim kommune). Det er spor etter sildefiske med garn. Båten har hatt drigler som har stått i jarnbeslag. Det kan tyde på at båten også har vore nytta på vinterfiske som kastarbåt etter skrei, men det kan også ha vore fiska med line. Båten er gjeven til museet av Pål Enge, Engdal.
Det er ein Aurgjeldsfyring frå Engdal (Iver Engdal) og som venteleg vart bygd ein gong tidleg i 1860-åra. Båten kom frå Vik i Aure til Engdal kring 1880. Eigaren, Lars Olsen Vik vart gift på Engdal og han hadde med seg båten. Naustnykelen med hans namn har årstalet 1885.
Aurgjeldsgeit (færing) med mel. Bygd av Ola Skar, Skardsøya i Aure. Denne båten skal helst stå midt over dei to geitbåtane (Stasjon 7 – Kulturgeografi). Spor etter garnfiske.
Dette er er ein stokkebåt frå Orkla. Nemninga eikje/øykje skriv seg frå at slike farkostar mange stader og i si tid vart laga av eik. Ordet har vorte hengande ved jamvel om dei vart laga av furu, slik som i Meldal.
Ordet pram kjem frå slavisk og er eit ord som vart importert til Noreg alt i mellomalderen i forma pråmr. Ordet er i slekt med å fara. Det ordet går att i færing, i ferje og i fjord. Ein fjord er smal, han er farande over.
Dette er ein ny båt og som er testa i skipsmodelltanken til SINTEF i Trondheim. Testresultata er omtala i band 2 (Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal, Fagbokforlaget 2016).
Mykje viktig båt i samlinga. Det er ein lystring med ein hoggen hals. Nordmørsbåt av ny type, som etter kvart fekk nemninga lystring, kom til tidleg i 1860 åra. I overgangstida får ein del av båtane ein hoggen hals. Denne båten er døme. Det kan sjå ut til at dette vart ein god båt, men han slo ikkje gjennom som ny type. Truleg var han ikkje like god som ein geitbåt, og samstundes for dyr i samanlikning med lystringane.
Det er ein færing med tilnærma normale mål, men litt brei etter lengda. Båten har vore nytta mellom anna til seitrøfiske.[1] Han bør utstyrast med to seitrøer og påmontert snøre, med forsing og ongul med beit. Seitrøfiske var eit vårfiske. Seien kom gjerne i slutten av våronna eller i håballen (tida mellom våronn og slåttonn). Seien kunne stå i tette vøer, og då gjekk det fort å fyll ein bakskott.
Denne snidbetna færingen er lånt ut frå Sunnmøre museum. Nemninga snidbetning kjem av at dei såkalla renningane frammi står på skrå i høve lengderetninga av båten. Snidbetningane kom truleg til utvikling straks før år 1700. Eldste daterte er frå 1713. Sjå meir om dette i band 2.
Åfjordsbåten har utbreiingsområdet sitt frå grensa mot ytre Namdalen og sørover til og med Fosenbygdene; Frøya, Hitra og Hemne, men ikkje i Vinje, den delen av Hemne (no Heim) som ligg til Vinjefjorden. Der var det geitbåt.
Det er ein liten melfæring, ein liten geitbåt, ein litenfæring. Båten kjem frå Hestnes i Valsøyfjord og han var bruka av Knut Hestnes som ærendsbåt. Han rodde mellom anna ein kornsekk eller to til kverna i Vågosen. Hestnesbåten er ein lett robåt og ein fin ærendsbåt.
Denne båten bør rustast med aurenot og med påmontert notarmar. (Steinar Eidsli – aldersheimen) kan fortelje detaljar.
Denne lystringen vart bygd i 1930 av Ole P Saltrø, og han vart bruka som ærendsbåt på Halsa gard i Halsa kommune. Dette er storgard og båten er kvitmåla. Det var fint folk. Båten er gåve frå Halsa gard v/Per Dyre Halsa og Bjørn Lervik.
Ein ærendsbåt frå Kristiansund. Ikkje så rart at det var åfjordsbåtar der. Det var stor handel på Trøndelag frå Litj-Fosen (Kristiansund)
Dette er den minste fyringen i samlinga på Geitbåtmuseet. Bäten lyt tolkast som skyssbåt.
Før kommunerevisjonen i 1897 var Stangvik ein stor kommune som omfatta bygdene frå Åsskard til Todal. Både Hamnes og Torvika høyrde Stangvik til. Åsskard vart delt frå i 1897.
Kyrkjebåten frå Rykkjem er ein lettbygd liten seksring. Han er deponert frå Nordmøre museum avdeling Kristiansund. Denne kyrkjebåten var i bruk mellom Rykkjem og Stangvik. Han hadde plass i Stornaustet ved Rykkjem-kaia.
Båten kjem frå Vik i aure og og han er bygde med hardangerkjøl (T-kjøl, sjå Fig X – T-kjøl (Hardangerkjøl)). Båten har ikkje ørhu. Denne båten er såleis enno eit døme frå ei overgangstid der det vart eksperimentert med ulike løysingar for å kunne tilpasse bygging med plansaga bord. Kanskje var det typisk at dette vart gjort nettopp på båtar som det ikkje skulle fartast med, men berre nyttast i nære farvatn.
Det er ein lysterfæring med marinesegl. Lystringane fekk litt varierande rigging. Mange fekk gaffelsegl. Det er gaffelseglet som på Nordmøre går under nemninga lysterrigg. Marineseglet vart det vanlegaste i Romsdal og på Sunnmøre. Sjå om dette på 7 Torskegarnsbåt, lystring. Marineseglet vart også kalla skjasserigg (Sunnmøre) eller luggerrigg (uteseglar-nemning).
Denne båten er etter alt å døme bygd primært for sildegarnsfiske, jamvel om det også har vore fiska moidd (taretorsk) og kanskje sei frå denne båten. Slitesporas fortel eintydig om sildegarnsfiske. Det er snakk om hundedagssild og haustsild. Det er småfallen sild. Båten bør rustast med 24 omfar sildegarn, il, kaggar og dubbbel.
Denne båten kjem frå Tuvika, Straumsnes i Tingvoll. Til båten høyrer rigg og segl. Det er lite av slitespor som kan fortelje om bruk. Hol for master i undskord under hammelbandet kan tyde på at han er tenkt til kastarbåt, men han kan også vera tenkt til skyssbåt. Når det blir rodd, er det godt om mastra er unna vegen.
Vi vil halde oss til nemningane vanleg færing og stor færing og storfæring. På Sunnmøre finst ordet kjempefæring, men det er ein treroring. Denne båten vart kjøpt inn som laksnotbåt. Net forklarar den store lengda.
Båten kjem frå Hofset i Vinjefjorden. Denne båten har tydeleg spor etter drift med smågarn. Det kan greiast inn moiddgarn i bakskotten, klar for setting. Garn på tein med neverrepp frå trugge hadde vore fint. Det er ein storvoren færing og som passar godt til slik drift, gjerne med 6–8 garn i setninga.
Denne båten er ikke med i ustillinga, men refereres til i teksten.
Denne båten kjem frå garden Brattset på Ertvågøya i Aure. I følgje tradisjonen på garden, vart båten bygd på Hendset i Valsøyfjord. Der var det båtbyggjarar. Dei har bygd både i aurgjeldsbåtar og søfjordsbåtar. Utformingstype i båten frå Brattset er som for aurgjelding. Båten har vaterbord med flatkeipar og drigler (skvettbord). Han har vore rigga med tverrsegl. Båten er gåve til museet frå Katja Brattset.
På same måten som vi hadde kulturgeografiske område for dei einskilde eldre typane, fekk vi det for dei nyare. Fjølabåten på Nordmøre som etter kvart fekk nemninga lystring, har tydeleg henta inspirasjon frå åfjordsbåten, men han vart bygd berre på Nordmøre, jamvel om han i storleiken torskegarnsbåt også vart populær på Frøya.
Dette er ein typisk allsidig bruksbåt. Kombinert ærendsbåt og båt for heimefiske. Båten kan rustast med snørsul, tvihak og vadbein. Årer på framromet. Nysteskrin i mela. Fisk i atterskotten (Teikna på papp?).
Ei kunte, er ein flatbotna- pram med botnbord på tvers. Ordet kunte tyder også kvinneleg kjønnsorgan. Samanhengen er uklar.
Denne båten kjem frå Hamnes og han er bygd som ein kombinasjon av tradisjonar frå Nordmøre og frå Hardanger. Slike båtar vart bygde på Hamnes. Det har samanheng med fartybygging og skipsinspektør John Børve (1851–1933. Han teikna mange jakter for bygging på Nordmøre. Det gjeld mellom anna dei namnspurde Svanhild og Dyrafjell.
Dette er ei nokså sein utgåve av geitbåt og står her for ein vanleg søfjording som er tilpassa drivgarnsfiske etter sild. Båten er gjeven av Ketil Talmoaunet. Båten er laga om lag slik som vi i si tid lærde det av Ole Skålvik, dotterson til Ole Andreasen Reiten, også kalla Saksin eller Ola Sakså. Saksin var den mestproduserande geitbåtbyggjaren tradisjonen veit om. Han skal ha bygd ein stad mellom 600 og 1000 båtar.
Dette er også ein liten færing. Båten har vore i bruk frå Sætergarden, i Valsøyfjorden. Etter tradisjonen på garden vart båten bygd i 1898 av utvald fin verka ved (det vil si tørka langsamt og lenge). Båtbyggaren var Jon Hendset.
Dette er ein rundbotna pram frå Skålvikfjorden. Han vart bytt til museet i byte av ein ny kopi. Denne prammen er bygd utan kjøl. Bordet midt under ligg inni. Det er ein ekte pram og i eit lite formast.
Båten har fungert som allsidig bruksbåt. Det er også rimeleg å tolke båten som skyssbåt. Tre som rodde og to om sat på. Dette er ein temmeleg typisk trerøring og med ei alderdomleg preg. Båten kan vera bygd før 1860. I sumt minner han om båtar bygde i 1830-åra. Nærare undersøkingar trengst. Båten kan ha hatt tilsvarande bruk som 47 Trerøring frå Fjærlia.
Båten er svært forseggjort. Etter tradisjonen på garden vart denne båten nytta til vinterfiske. Det var kastarbåt og rodd for vær på Smøla. (Veidholmen, Brattvær). Båten har jamvel vore på Lofoten.
Det er ein firebordsbåt vestlandsbåt frå nord for Bergen, Masfjordgeit. Med Vestlandsbåtar reknar vi tradisjonsbåtar som vart bygde og bruka på strekninga frå Rogland til Stad. Det var to typar: Trebordsbåtar sør for Bergen og firebordsbåtar nord for. Trebordsbåtne finst i tre variantar: Oselvar, (Bjørnafjorden) Hardanger og Rogland. Firebordsbåtane finst i fire variantar: Nord-Hordland (Masfjordsbåt), Sognebåt, Sunnfjordsbåt og Nordfjordsbåt.
Storgavlen er ein gavla sildenotbåt og av den typen som var utvikla i Hardanger. Slike båtar vart importert til Nordmøre i andre helvt av 1800-talet. Etter kvart vart slike båtar bygd lokalt.
Denne båten er ein ombygd torskegarnsbåt. Han ter seg no som ein gavla notbåt med rull atter. Båten vart berga frå det samanrasa notnaustet på Vik i Aure. Han vart nytta som notbåt for Vik notlag. Vi veit ikkje når ombygginga vart gjort. Båten kom til museet 1997/1998.
Ein fyring som kjem frå Drøpping (Todalsfjorden). Det er ein nokså vanleg stor fyring og han ter seg som ein allsidig bruksbåt, ein gårdsbåt. Det kunne vera litt fisking, litt føring og litt skyss.
Fela er færing frå Skålvik i Skålviksfjorden, og som vart bygd av Lars Åkvik, Han budde på Rabben. Han gjekk såleis til dagleg under namnet Lars Rabbå. Han var kjend for å gjera særskilt fine båtar.
Noen av båtene mangler noen mål. Jeg har tatt med pram selv om jeg regner med det er en grunn til at de konsekvent kun har målene og .
Tegning/diagram/forklaring av forskjellige rom i båten.
Dette mangler, eller er av for dårlig kvalitet til å bruke på plakat/trykk/digitalt.
Tegning/diagram/forklaring av forskjellige typar segl.
Bilder eller tegninger for å syne ein alnstav eller båtmål.
Nytt bilde må skaffes. #todo
Trenger enten foto eller tegning av dette
Trenger enten foto eller tegning av dette
Trenger enten foto eller tegning av dette
Trenger enten foto eller tegning av dette
Mangler bildemateriale
Dette mangler fullstendig. Dette må lages fra bunnen av. Kanskje lettere når vi får tegninger som bestilt i Stasjon 3 – Teikningar.
Her må vi lage et godt kart som viser utbredelsen av de ulike variantene av geitbåt.
Fra boka Geitbåten som system, fig 4.1.1.
Tegning som viser Hardangerkjøl. Kan gjerne stå på en plansje med tegning av flere typer kjøl.
Mangler bildemateriale
Tegning og interaktivt diagram. Se Fig X – GBM 9 – Fela, mål for infor
Trenger enten foto eller tegning av dette
Trenger enten foto eller tegning av dette
Lag figur som viser målene. Både i 2d og som interaktiv diagram. Fig X – Tegning av målepunkter og lengder
Dei gamle forsto mykje 2
Bokverk av Eldjarn og JBG
Bokverk av Eldjarn og JBG
Stasjonene er gruppert etter ulike tema for å gjøre utstillingen mer oversiktlig.
NOTLAGET TODAL-VIK I AURE (1914)
Teksten under har bare såvidt blitt rensket opp. Tegnsetting og forenkling av utheving. Jeg har brukt kun fet og ikke fet+kursiv.
Denne utstillinga dreiar seg om geitbåten og jamvel litt om etterkomarar og grannar i nord og sør. Geitbåten finst i tre hovudvariantar. Det er søfjordingen som er den dominerande varianten. Denne varianten høyrer til i heile futedømet (sorenskriveri) Nordmøre, men med unnatak av store delar det gamle Aurgjeldet (Aure prestegjeld). Det svarar i dag til det av Aure kommune som ikkje høyrde Tustna til og dertil om lag halve det som var Halsa kommune (tidlegare Valsøyfjord).
Som type er geitbåten den vi kan datere lengst attande i tid her i landet og med fysiske prov på utformingstekniske detaljar. I bygrunnen i Trondheim er det grave fram delar av ein båt som ber umiskjenneleg utformingsdetaljar typiske for geitbåten. Desse bygningsdelane låg gjenbruka som golv i kulturlag frå tidleg 1600-tal. Då desse delane var båt har det såleis vorte skrive 1500 eller 1400.
Plansje hvor vi forklarer å vippe fisken ombord og hvordan det er annerledes enn å fiske med not eller line.
Ein båt har i utgangspunktet kjøl og segl slik at han kan bite på. Båtar kan krysse (segle mot vinden). Som regel har dei også andre framdriftsmiddel, slike som årer og etter kvart motor.
Jamvel om det i utgangspunktet let til å vera slik at lystringen kom til som ei plutseleg oppfinning og i ei utforming som sto for ein ny standard, er det mykje som tyder på at det også var omfattande famling. Det var Rolf Jensen Sjøasæter som er knytt til denne overgangen og som er nemnt framføre. Når vi ser på ein heil del av dei båtane som vart tekne i bruk til ymse føremål i brytningstida mellom nytt og gammalt ser vi at det har vore atskilleg famling.
Også i Møre og Romsdal ser vi døme på temmeleg plutselege sprang. Først ute med modernisering i dette fylket er etter alt å døme Rolf Jensen Sjøasæter. Han starta kring 1860 med å byggje torskegarnsbåtar av fjøler, av saga bord. Det blir fjølabåt og som han får rosande omtale av på fiskeriutstillinga i Bergen i 1865. Nordmøringane fiska skrei både for Smøla-væra på Grip-hølen. Frå Grip var det kort veg til skreimé. Volum var viktigare enn fart i det farvatnet.
Ordet stifeting (stegfatt) er lånt frå foten på eit menneske. Undersida av foten svingar opp. Det gjer at foten fjørar. Spenn i ski har same funksjon, og det sikrar god flyt på skiene. Dei glid. Eit høveleg spenn fordelar trykket over ei lang flate. Også om skiene kan det seiast at dei er stifett.
Denne ‘stasjonen’ er en oversikt over utstillingen. Teksten JBG har skrevet i word-dokumentet er en slags instruksjon til oss som designere av utstillingen.
Ordet tønne er i slekt med tonn og som tyder stor. Tønne er i opphavleg tyding knytt til skinnsekk (gælisk språk). Det som på norsk heiter hit (skinnhit). Indirekte fortel då dette ordet om handel med volumvare som kan ha vore korn og det kan ha vore vin. Ordet vart importert før det finst skriftlege kjelder til ordet. Tønna har også levd lenge saman med båten.
Endringar i form på båtane er eit tema som i høg grad dreiar seg om teknologisk utvikling og om prinsipp for forming. Den teknologiske utviklinga når det gjeld båtbygging dei siste 200 åra har svært mykje med sagteknologi å gjera.
Denne brygga kjem frå Lindås i Aure. Elles kan det hentast stoff frå bok Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal og frå det seminaret som snart skal vera.
Sjå i Geitbåten som system.
Finnes det noe tekst utenom plansjene?
Oppriss og plan av teikna båtar er slegne opp på veggen. Teikningar av kategoriar og storleikar som ikkje er med i samlinga kan også vera slegne opp der dei høyrer heime i den systeminngangen som utstillinga er gruppert etter.
Båtane er konkretiserte tankar og tankane er hengt opp i målepunkt, grunntal og brøkar. Dette er noko heilt seentralt i båt- tenkinga og det er svært tydeleg når det gjeld geitbåten som system. Når båtbyggjaren planlegg ein båt, gjer han det i form av ei klynge med tal.
Definerte og varierte former og storleikar
Storleiken på geitbåtane er i utgangspunktet ein lengderelasjon.
Dette dreiar seg om korleis formene endrar seg med geografien. Båtar er ulike på ulike stader. Det er knytte til vilkår på staden og dei varierer gjennom vårt langstrekte land.
Båtar blir bygde til viss slags bruk. Båtbyggjaren lyt såleis kjenne til desse. Det var veneteleg typisk at Ole Andreasen Reiten bygde seg kvart år ein båt som han tok del i vinterfisket med og som han selde etter at sesongen var over. Det av førstehands innsikt i kva som trongst under bruket.
Tilpassing til bruk kan vera meir eller mindre synleg, men det går ofte att i detaljar. Det kan til dømes vera småe tilpassingar av måla i båten. Når vi skal tolke kva bruk ein båt har hatt, er det ofte slitespor vi ser på.
Band ? av Båtar i Møre og Romsdal
Denne båten er stor som ein fjørnfar. Han er spiss-stemnd og har ope notrom midt i. Det er notbord på sida. Båten høyrde til nye Ormbostad notlag. Båtbyggaren var Ole Andreasen Reiten (Saksin). Det finst fleire notbåtar laga over same lest, men dei er ikkje så store som den på Jørnøya. Det er påfallande at denne båten vart bygd så seint som i 1912 til 1913. Det var lenge etter at notbåtar av hardangertype var tekne i bruk. Kva kunne fordelen vera?