46 Båt for smågarnsfiske
| GBM | JBG | Frå | Storleik | Byggjar |
|---|---|---|---|---|
| 46 | 361 | Hofset i Vinjefjorden | Færing | x |
Utstillingstekst
Originaltekst
Båten kjem frå Hofset i Vinjefjorden. Denne båten har tydeleg spor etter drift med smågarn. Det kan greiast inn moiddgarn i bakskotten, klar for setting. Garn på tein med neverrepp frå trugge hadde vore fint. Det er ein storvoren færing og som passar godt til slik drift, gjerne med 6–8 garn i setninga.
Færingen frå Hoftset er den einaste med okspeis i hammelbandet.
Tidlegare eigar var Torleif Hofset. Båten har særskilt fin botn med hula medikar om lag på same måten som i 12 Fyring for sildefiske (Stormfuglen). Særleg for denne båten er også hamleband av oksepeis. Slike hamleband var høgt haldne av di dei både var sterke og slitesterke.
Det er tydeleg slitespor etter garnsetting på babord side frå hammelbandet og attover. Det er båt for heimefiske med smågarn.
Hovudmål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| 8 ¼ alen, 1 ½ tomme | 458 cm | Det er ein dryg færing. | |
| 10 ¾ alen, 2 tommar | 596 cm | . Når vi legg til ei halv alen, 27,5 cm blir det 599. Båten har normal søfjords-stemning. | |
| ¾ alen, 3 tommar | 49 cm | . Botn er brei, og dertil fint buka på medika. Båten har ein meir enn vanleg fin botn. | |
| 1 ¾ alen, 1 tomme | 154 cm | . Båten er brei. | |
| 5/4 alen, 3 ¾ tomme | 79 cm | ||
| 16 tommar | 44 cm | ||
| Atterskott | 33 tommar | 91 cm | Det er svært nær . |
| Sprang |
Fleire mål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| Mel | 18 tommar | 49 cm |
Det kan sjå ut til at denne båten er tinga som ein litt dryg færing, litt lengre og litt breiare enn ein normal søfjordsfæring. Det er bra når det skal fiskast med garn. Garna har vekt og dertil kan det bli bra fangst.