13 Femring rigga om til notbåt

GBM JBG Frå Storleik Byggjar
13 326 Vik notlag i Aure Femring Lars Åkvik (Rabben)

Utstillingstekst

Originaltekst

Femring er båt med fem rom. Denne femringen kjem frå Vik notlag i Aure der båten sto då naustet rasa saman. Han vart truleg bygd for linefiske etter skrei, men seinare ombygd til notbåt. Båten er svært fint bygd og har ein botn som tyder på at det har vore ein god seglar.

Den typiske linebåten var gjerne ein femring og med forsterka atterskott slik denne båten har. Til linefiske vart ein slik båt manna med fem. Under draging kunne ein eller to dra lina, ein toske av og to eller tre kunne andøve.

Denne femringen vart teken ut av skreifiske og gjort om til notbåt. Det skjedde truleg ein gong i dei store sildeåra i seint på 1800-talet. Fleire teikn syner at sildefiskeria tok om seg på den tida. Nausta fekk lem og vart gjort høgre. Notbåtar frå sør i landet vart kjøpte inn. Båtar for skreifiske vart tekne til båtar for sildefiske med not eller til sildegarnsbåtar. (Sjå 43 Sildegarnsbåt frå Tingvoll).

Denne båten har fått notbord på sidene, slik det var vanleg på notbåtar på Nordmøre. (sjå 18 Spelbåt og lystring, 46 Båt for smågarnsfiske, og JBG 9, JBG 18). Det er også sett inn ein spelrull. Båten vart berga frå Vik i Aure saman med fire andre båtar frå det samanrasa notnaustet. Dei er å forstå som deponi.

Båtbyggjar til femringen var truleg Lars Åkvik (Rabben). Det er ein finbygd båt. Etter botn å døme er det ein svært god seglbåt.

Hovudmål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
l 12 alen 661 cm Det er ei alen under fullrømt femring. Det er ein liten femring, ein hoinnfemreng.
L 15 ¼ alen, 4 tommar 850 cm l × 1 , 25 = 826 . Båten er 9 tommar lengre enn 5 4 l . Etter storleiken kan vi seia at båten er slutstemt. Båten er lang mellom stamnane i høve lengd i botn. Det er bra på havsjøen.
b 5/4 alen 68 cm Det er ¾ tomme over 1 10 l .
B 3 alen, 14 tommar 203 cm L : 4 = 212.5 c m . Båten er 3 ½ tomme smalare enn proporsjonen.
r 1 ¾ alen, 2 tommar 102 cm 2 × r = 204 c m . Det er nær det same som B . r × 8 = 816 c m . Båten er lågt ronna og breidda står til ronnet.
s 1 alen 55 cm Det er 2 tommar under proporsjonal høgd i høve færing.
Atterskott 2 ¼ alen, 2 tommar 129 cm 1 5 l er 132 cm. Det er ein tomme (3 cm) kortare enn proporsjonalt (Målefeil?).
Sprang 4 3/8 tomme 12 cm Det er nær 1 10 r . Dimed følgjer breidda ronnet.

Sjå Forklaring av mål

Fleire mål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
Romlengdene rekna attanfrå 31 tommar, 32 ½ tommar, 32 ½ tomme, 31 tommar, 30 tommar 86 cm, 90 cm, 89 cm, 86 cm og 82.5 cm Det er vanleg mønster at hammelromet og hausen er litt kortare enn hine romma. Elles er det lange rom i denne båten. Stort folk eller stor last? Vi skulle gjerne visst meir om denne båten.