43 Sildegarnsbåt frå Tingvoll
| GBM | JBG | Frå | Storleik | Byggjar |
|---|---|---|---|---|
| 43 | 327 | Straumsnes | Fyring | Samuel den eldre eller Bastian Brubæk |
Utstillingstekst
Originaltekst
Denne båten er etter alt å døme bygd primært for sildegarnsfiske, jamvel om det også har vore fiska moidd (taretorsk) og kanskje sei frå denne båten. Slitesporas fortel eintydig om sildegarnsfiske. Det er snakk om hundedagssild og haustsild. Det er småfallen sild. Båten bør rustast med 24 omfar sildegarn, il, kaggar og dubbbel.
Båten kjem frå Straumsnes. Han var bruka av Ola Sallaup og gjeven av dotter Gerd Sallaup i 1992. Dei opplyser at båten også har vore nytta til torskefiske på fjorden. Tidlegare eigar fortalde også at båten vart bygd i Angvika av Samuel den eldre eller Bastian Brubæk
Båten har svært slutne stamnar og mykje slit etter draging av tau og garn over langis og ripe. Dei utlagde stamnane kan ha vore planlagde med sikte på at båten skulle liggje på drevsjøen. Det syner slit rundt heile båten. Det er typisk for båtar som har vore nytta til garnsfiske etter sild.
På silda vart det ofte lagt ut garn fritt i sjøen og med il (drevil) til båten. Slikt fiske vert kalla drivgarnsfiske. Dem låg på drevfjorden. Ole Skålvik fortalde at når bestefaren bygde slike båtar; fekk dem forferdeli djupe kjøla. (sjå også 23 Den fullstendige båten) Båten vil dra i garna. Ved å feste iltauet ymse stader er det til ein viss grad mogleg å styre korleis båten rek.
Når garna skal inn kan dei stå midt på, for atterskotten eller for framskotten. Dei kan stå til babord og dei kan stå til styrbord. Båtar som har lege mykje på drevfjorden får difor eit karakteristisk slit på båe sider, så vel som i endane og på midten. Det har samanheng med at drivinga med garna til ein viss grad kan styrast med drevilen. Garna kan i sin tur bli dregne inn frå alle kantar. Denne båten har svært tydelege slit etter draging av mange sildegarn. Når garna er stinne av sild er det å dra over ripa. Rull er oftast til liten nytte.
Hovudmål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| 9 ¾ alen | 535 cm | Det er ein svært liten fyring. | |
| 12 ¼ alen, 2 tommar | 680 cm | . Båten er slutstemnt, mmen ikkje så mykje som det ser ut til. Forma på stamnen har mykje å seia for inntrykket. Stamnen er rakare enn vanleg. | |
| ¾ alen, 4 tommar | 52 cm | ||
| 3 alen, 3 tommar | 170 cm | . Breidda står til . | |
| ¾ alen, 3 tommar | |||
| Atterskott | 2 alen | 110 cm | |
| Sprang |
Kjølen er sliten og han er berre 4 tommar djup. Det samsvarar dårleg med bruk som sildegarnsbåt. Vi tolkar det som resultat av slit.
Dette er svært proporsjonale mål, men det er mykje rom i høve lengda av båten. 9 alen 15 tommar er til vanleg å rekne som stor trerøring. Det er minste fyringen i denne framstillinga. Båten ser større ut enn han faktisk er. Det har samanheng med at breidda står til og med sluten stamn blir den stor etter . Det tyder igjen at sidene ligg meir enn det vanlege.
Mengda rom kan ha med behovet for å fordele fengd og garn. Sildegarn kan bli stinne. Hektoliter sild på garnet var ikkje eit særsyn. Då kan det vera greitt å vera fire mann. To dreg og to tinar (tek silda av garna). Å tine har grunntyding i retninga av å arbeide med lette og raske rørsler.
At det er fire rorar kan også ha samanheng med drivgarnsfisket. For å få båten passeleg lagt til etter garna kan det vera greitt å kunne ha ut årer nær endane av båten.