23 Den fullstendige båten
| GBM | JBG | Frå | Storleik | Byggjar |
|---|---|---|---|---|
| 23 | 169 | Vik i Aure | Fyring | x |
Utstillingstekst
Originaltekst
Det er ein Aurgjeldsfyring frå Engdal (Iver Engdal) og som venteleg vart bygd ein gong tidleg i 1860-åra. Båten kom frå Vik i Aure til Engdal kring 1880. Eigaren, Lars Olsen Vik vart gift på Engdal og han hadde med seg båten. Naustnykelen med hans namn har årstalet 1885.
Denne båten omfattar skrog med tilfar, to riggar og mykje børnskap. Noko av det mest spesielle er sildegarn for agnsildfiske (28 omfar) med furuflå. Båten har også vorte nytta til linefiske og til på kastarsjøen. Noko av dette utstyret kan kanskje hengast ved sida av båten. Teikningar laga av Bjørn Skauge kan kanskje også koma på veggen.
Denne båten er ein svært viktig del av samlinga i Geitbåtmuseet. Han er ofte kalla: Den fullstendige båten. Det er av di museet fekk denne båten saman med naustet og nesten alt utstyret: Sjå lista nedanfor. Båten vart bygd for agnsildefiske og dertil bruka som allsidig gardsbåt.
Ein god del av utstyret er merkt med årstal. Til dømes er sildegarn med furuflå datert 1860-åra. Før vi fekk kork frå Spania var det ofte tjukk kartbork frå furu som det vart laga fløyt til sildegarn av. Dette er ein interessant detalj. Før vi importerte kork var tjukk furubork ein ressurs som vart teken vare på. Somme furutre kan ha særskilt tjukk bork. Den gode skogskjøttaren hegnar om desse og syter for at det kjem tilstrekkeleg mange nye tre til med same eigenskapar.
Engdal-båten høyrer saman med eit naust som vart bygd då han kom til Engdal. Båten og naustet er teikna av Bjørn Skauge. Naustet skal reisast som del av museet. Sjå Fig X – Den fullstendige båten og naust. Den fullstendige båten er omtala i utgreiing om kystkultur frå NMU (2000).
Hovudmål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| 11 alen | 605 cm | Det er fullrømt fyring. | |
| nær 14 alen | 768 cm | . Båten har normal stemning. | |
| 1 alen, 1 tomme | 58 cm | . er ein tomme under . | |
| 3¼ alen, 2 tommar | 184 cm | . Nokså normal breidd for fyring. | |
| 1 ½ alen, 3 tommar | 91.5 cm | . Båten er lågt rónna. Det høver med aurgjelding og vaterbord. | |
| Atterskott | |||
| Sprang |
Denne båten har mål tilnærma som søfjording, men han har vaterbord og flatkeip som aurgjelding. Er det behovet som allsidig bruksbåt som slår ut? Er det av di han vart nytta til agnsild og såleis laut ha god plass både til vegn og fengd? Er det noko anna?
Liste over kva som den fullstendige båten omfatta
- Naust med stø,
- Skrog med framdriftsmiddel
- Tilfar og mykje børnskap:
- 7 årer av 8 som hørde til
- Tiljer i alle rom og plikter til skottane
- Undskorder under alle langband (unnateke det fremste)
- 2 steintre
- Tofter til alle rorar.
- Styrgrind og styrgrindtre,
- styrvol og styrkult.
- Styre
- Fullstendig sommarrigg (manglar ei stagnål)
- Fullstendig vinterrigg
- Laus krok for medpriar
- Signat
- Bordstikke
- Bolbitjer
- Vadbein for segleromsmann
- Ausekar
- Ilbblokk
- Kniv med slire
I naustet
- 2 kasser med garnstein (naturstein), glasskavl med huve
- Trugge til smågarn
- Flekkekniv
- Småsildgarn frå 1860- og 1880 åra
- Kasse for frakting av gris
- Moiddgarn (garn for taretorsk)
- Hysegarn
- Bårstong
- Grakstynne
- Kokostaug (for fortøing?)
- Sildegarnsdubbel (mange)
- Spåmannsdubbel (fleire)
- Tjærabøtte og kost
- Garntrugge
- Tein/spø for smågarn
- Sildegarnstrugger
- Snørsul
- Sildehåv
- Kveitvadsul
- Kister,
- Skinnhyre med hatt
- Oljehyre