Stasjon 6 – Storleikssystemet for geitbåtar
Lengda på stamnskjerv er utgangsmålet
Storleiken på geitbåtane er i utgangspunktet ein lengderelasjon.
Storleiks-systemet startar på 8 alen og så er det tillegg i lengd når båtar blir større, eventuelt fråtrekk på dei som er smærre. Breidder og høgder er relatert til lengda med tilhøvetal. Med visse slags tilpassingar til bruk og storleik kan det koma avvik frå det vi kan kalle ein normal. Når den einskilde båten skal tolkast, er avvika noko å drøfte og finna ut av.
Storleikssystemet på geitbåtane var vel innarbeidd. Storleiken følgjer same hovudmønster langsetter heile det vestlege Noreg og jamvel på Færøyane. Det vart også teke over av nyare typar, jamvel om storleiksspekteret vart vesentleg innkorta.
Prinsippet er at alle mål bor i færingen. Normalbåten var melfæringen, færing med mel (midtirom), men det fanst ein undermåls båt, ein båt som var mindre enn den som systemet bygde på. Det var trebandsfæringen. Den blir ein parallell til trebandsfæringen i Trøndelag. Minste færing var ein sjualning, medan den normsettande færingen var 8.
16 Romsdalsbåt, trebandsfæring
54 Liten færing frå Sætergarden
X Færing frå Kvenna rusta med seitrøe
58 Trerøring frå Atle Ness i Fjærlia
39 Svært liten aurgjeldsfyring
22 Fyring, allsidig bruksbåt frå Engdal
48 Liten hoinnfemring frå Brattset
13 Femring rigga om til notbåt
15 Femring frå Torvik i Surnadal