16 Romsdalsbåt, trebandsfæring
| GBM | JBG | Frå | Storleik | Byggjar |
|---|---|---|---|---|
| 16 | 356 | Bolsøy, no Molde kommune | Trebandsfæring | x |
Utstillingstekst
Originaltekst
Denne båten kjem frå Bolsøy, no Molde kommune. Båten vart levert inn i byte mot ein ny kopi. Geitbåten finst i tre variantar. Den sørlegaste er romsdalsgeita som finst i nordlege og austlege delen av Romsdal. Den midtre som det er flest av vert kalla søfjording, medan den nordlege varianten er Aurgjelding. Sjå også kart på Stasjon 1 – Oversyn over utstillinga.
Det typiske for romsdalsgeita er at denne båtvariantener litt breiare og rundare i forma enn båtane lenger nord. Forma på stamnen er også litt annleis. Han er litt beinare enn i båtane lenger nord og han har hule kjakar. Sjå også Stasjon 7 – Kulturgeografi.
For å få plass, kan kanskje ein av færingane hengjast opp, men ikkje høgre enn at det er mogleg å kikke oppi. De vil gi litt luft og betre plass til å nå fram til tekst. Lyt sjå nærare på dette.
Hovudmål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| 7 ¼ alen | 399 cm | Dette er nokså vanleg lengd på ein stor trebandsfæring. | |
| 9 alen, 10 tommar | 524 cm | . Det blir nær 5/4 + ½ alen. Det er vanleg relasjon på søfjordsfæringar, medan romsdalingane gjerne er litt kortare etter stamnskjervlengda enn søfjordingane er. Dette er nærare om tala i boka Geitbåten som system. | |
| ? | |||
| 2 alen, 14 tommar | 148 cm | . Romsdalingane er breiare etter lengda enn søfjordingane. | |
| 1 alen 3 ½ tomme | 66 cm | . Det svarar nokså bra til , medan . Båten er brei i høve . Det typiske for Romsdalingane er at dei er høgt ronna. | |
| ? | |||
| atterskotten | ? | ||
| Sprang | ? |
Det er vanleg at trebandsfæringar er litt ute av proporsjon i høve større båtar. Det kan også seiast om denne. Han er ein typisk romsdaling jamvel om han er litt utypisk når de gjeld somme av proporsjonane. Vi veit lite om bruksområdet og kva båtbyggjaren har tenkt med denne båten.