| GBM | JBG | Frå | Storleik | Byggjar |
|---|---|---|---|---|
| 44 | 322 | Tuvika, Straumsnes i Tingvoll | Fyring | x |
Utstillingstekst
Originaltekst
Denne båten kjem frå Tuvika, Straumsnes i Tingvoll. Til båten høyrer rigg og segl. Det er lite av slitespor som kan fortelje om bruk. Hol for master i undskord under hammelbandet kan tyde på at han er tenkt til kastarbåt, men han kan også vera tenkt til skyssbåt. Når det blir rodd, er det godt om mastra er unna vegen.
Båten har drigler (skvettbord) sjå Fix X – Bilde av drigler (skvettbord). Det var del av utrustninga, først og fremst på fyringar og større båtar, men det finst også nokre få færingar og trerøringar som har slike. Utforminga av driglene varierer. Somme kunne ha keip oppå slik at det kunne roast også der keipane var stengde av drigle. Somme kunne ha lokk for åre framføre keipen.
Båten har ny atterskott. Lodd, stamn og bord er skift. Under dette er det gjort endringar i form og mål i høve det opphavlege. Reparatøren har ikkje kjent til det målesystemet som slike båtar vart bygde i samsvar med. Dette fortel oss såleis kor viktig det er å kjenne til bygging som logikk og prosess når slike båtar skal byggast, reparerast og analyserast.
Hovudmål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| 10 alen | 550 cm | Det er liten fyring. kan ha vore litt lenger. | |
| 12 ½ alen, 2 tommar | 693 cm | . kan ha vore litt lenger. | |
| 1 alen | 55 cm | Det er . | |
| 3 ¼ alen | 178 cm | . Båten ter seg som brei, men det kan ha med den innkorta atterenden å gjera. | |
| 30 tommar | 82 cm | (Ny bakskott kan ha skipla målet) | |
| 18 tommar | 49 cm | Det er rimeleg proporsjonalt frå tilsvarande mål på færing. | |
| Atterskott | 1 ¾ alen, 3 tommar | 103 cm | . Atterskotten er ny og ute av proporsjon. |
| Sprang | 4 ½ tomme | 13 cm | (Skipla?) |
Fleire mål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| Romlengdene: Hammelrom | 31 tommar | 85 cm | |
| Romlengdene: de tre neste | 32 tommar | 88 cm |
Jamvel om båten har vore litt lenger, ser vi at spranget frå normal treroring til fyring er nede i nærleiken av ei alen. Overgangen frå trerøring til fyring ligg på 10 alen. Både fyringar og trøringar kan ha denne lengda. Det finst også fyringar som er 11 alen, to alen lengre enn normal trøring (trerøring). Vi tolkar dette som at dei fleste fyringane i prinsippet er det som svarar til halvfjerde-rømming nordafor. Firerors halvfjerderømmingar var vanlege.
På Nordmøre er ikkje fullrømte fyringar å rekne som trerøringar med hoinn (horn). Hoinn tyder då; ikkje fullrømt Båten er ein skottkeiping, ein hoinnfyring. Det blir mange ombord i høve vekt, volum, og areal på båten. Båten blir sterk som ein trerøring.