15 Femring frå Torvik i Surnadal

GBM JBG Frå Storleik Byggjar
15 307 Torvika (Surnadal) Femring x

Utstillingstekst

Originaltekst

Båten er henta frå naustloftet i Torvika (Surnadal). Han kom til Torvika i 1918 og vart nytta til føringsbåt. Det var allsidig førsle av slikt som gardane trong, anten å hente eller å levere. Gjevaren av båten, Nils Torvik, sa det slik: Det var både daudt og levandes. Å ro slakt var ikkje uvanleg. Vi har høyrt om tilfelle då det vart slakta ombord. Det kunne trøyte tida i lang veg.

Det særeigne med denne båten er at han har tre halsar fram. Det er til liks med 2 Krøtterbåt frå Valsøya og nokre få båtar elles som vi veit om. Dei to vanlege halsane er gjort om til tre. Den midtre halsen tek litt av arealet både til framhalsen og overhalsen. Dette er truleg uttrykk for at det ikkje alltid var lett å finne store nok emne til femringar og større båtar. To halsar i så store båtar krev også emne som er ganske tunge å handtere. Med tre halsar vart arbeidet lettare. Tre halsar fram var såleis truleg det vanlege på dei største båtane (åttringar og sambøringar).

Hovudmål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
l 12 ½ alen 688 cm Det er ein liten femring.
L 15 ½ alen, 1 tomme 856 cm 688 × 5 4 = 860 c m . Dette er normal stemning på femring.
b 1 alen, 3 ½ tomme 65 cm Det svarar til ein tomme under 1 10 l .
B 3 ½ alen, 3 ½ tomme 202 cm L : 4 = 214 c m . Båten er smal etter lengda.
r 1 ½ alen, 4 tommar 93 cm
s 1 alen 55 cm 1 10 l 3 ½ tomme under botnmålet. Det er litt mindre enn proporsjonalt frå færing.
Atterskott 2 ¼ alen, 1 ½ tomme
Sprang 3 ½ tomme 10 cm

Sjå Forklaring av mål

Fleire mål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
Romlengdene rekna attanfrå
Frå halsodd att til snor
Skottmål 1 att
Skottmål 1 fram
Skottmål 2 att
Skottmål 2 fram