2 Krøtterbåt frå Valsøya
| GBM | JBG | Frå | Storleik | Byggjar |
|---|---|---|---|---|
| 2 | 142 | Valsøya | x | John Hendset og sønene Lars, Gunnar og Markus |
Utstillingstekst
Originaltekst
Krøtterbåt er ein båt som vart bygd for frakt av ku, hest og sau. Gardane på Valsøya hadde seter og beite på fastlandet. Såleis laut krøttera fraktast frå øya om våren og hentast heim att om hausten. Då laut det særskilt sterkbygde båtar til.
Denne båten har vorte nytta til frakt av ku, hest, sau, ved, og tung vare frå byen. Som dimensjonsgjevar kan det kanskje ei stor plate med ei påteikna ku i storleik som sida trønder. Alternativet er 20 sauer.
Krøtterbåten frå Valsøya vart bygd i 1931, som erstatning for ein eldre. Det var bestefar til Olav Strand og Ole Johan Valsø som tinga båten. Båten vart bygd av material dei leverte frå Valsøya. Den nye vart ei (båt)-alen lenger enn den gamle slik at naustet laut forlengast. Båtbyggjar var John Hendset og sønene Lars, Gunnar og Markus.
Det var gangspel til å dra opp båten med og han vart dregen med atterenden opp. Hol for nugla er difor i framskotten. Å fli og smørje båten var dugnadsarbeid. Det trongst 7–8 mann for å dra han opp på enga bortom naustet.
Det kunne roast 20 sauer, fem kyr eller 3 hestar i denne båten. Båten er særskilt kraftig bygd og med 1 ½ toms (40 mm tjukke) bord i botn. Når det var ku eller hest om bord vart det lagt garnering i botn og sider. Siste frakt med ku var i 1947. Frå 1956 vart krøtterbåten slepa med motorbåt. Då var det sauer som skulle på fjellbeite.
Det var ein eigen teknikk især med å ro hest. Hestane var utrygge på sjøen. Difor laut dei plasserast slik i båten at dei såg landet dei skulle til. Då gjekk det greitt.
Båten kunne også nyttast til byferd (Fosnareis). Då vart han rigga for segl. Det var helst for å levere ved eller for å hente tung vare at dei segla til byen. Det kunne vera kalk og det kunne vera salt. Båten vart også leigd bort til frakt av material.
I den siste tida båten var i bruk (midt i 1980-åra), vart han mellom anna nytta til å frakte traktor (gråtass) ut til Valsøya. Det var tre krøtterbåtar på øya. To av dei finst enno. Elles kjenner vi ikkje til tilsvarande båtar frå andre stader. Det finst smærre ferjer, nytta som krøtterbåtar, men ikkje så store og kraftige som dei på Valsøya.
Sambøring?
Krøtterbåtane på Valsøya har to opne lasterom like eins som lestabåtar, fembøringar og storbåtar i Trøndelag har det. Såleis er det rimeleg å rekne med at krøtterbåtane er rømt som sambøring. Ordet kan tolkast slik: Som ber i samla rom.
2 Krøtterbåt frå Valsøya har truleg ei lasteevne nær 3 lestar (36 tønner). Det er det same som for ein åfjordsfembøring (Trøndelag). Det er meir prinsippet i rømminga enn den eksakte storleiken som høver med omgrepet sambøring.
Eldre kjelder fortel at ein sambøring lasta 60 tønner i to stor rom. Slik båt har truleg vore 20 båtalen på stamnskjerv. Det fanst ferjer (==sjå teikning side…. ==) og båtar for frakt av husdyr fleire stader, men vi veit ikkje om tilsvarande spesialbygde krøtterbåtar like kraftige som dei frå Valsøya.
Hovudmål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| 15 alen | 826 cm | ||
| 18 ½ alen | 1017 cm | . Båten er tverrstemnd. | |
| 5/4 alen, 4 tommar | 80 cm | Nær | |
| og 3 tommar | 263 cm | . Båten er brei. Likevel som brei båt. Han er ikkje breidda ut som skipbåt eller småjekt. | |
| 2 alen, 3/4 tomme | 112 cm | . Båten er svært låg etter breidda. | |
| 1 alen, 2 tommar | 60 cm | Det er lite etter breidda. På færingane ligg til vanlen ein tomme eller to under . På dobbelt så lang båt burde det bli 2 til fire tommar under . På denne båten ligg det 7 tommar under . | |
| Atterskott | |||
| Sprang | litt over 2 tommar | 6 cm |
Krøtterbåten er i prinsippet ein liten seksring, parallell til 1 Kyrkjebåt frå Årvågsfjorden (Fjordamerra), men bygd på andre brøkar. Om vi samanliknar med ein seksroms torskegarnsbåt er sidemålet i dei ei alen 8 tommar = 76 cm. Krøtterbåten er grunn og han har ein flå botn. Vanleg stigning frå gatabrun (kjøl) til ytterkant botn i vanleg bruksbåt er gjerne som 1 : 4 = 14 grader. På denne båten er stigninga nær . (11 grader). Når båten er så grunn og brei har dette med transport av krøtter å gjera. Båten skal flyte så nær land som mogleg. Dertil skal krøttera kunne stiga både inn i og ut av båten.
I sum utgjer botnlegg og sidemål at høvetalet bordhøgd (rekna frå kjølen og topp ripe): er nær . Vanleg relasjon på båtar, så vel som på jekter er . Det er litt under . På særleg djupe båtar kan relasjonen gå opp i .
(rónmålet) uttrykkjer noko om kor høgt det er borda til stamns. Til vanleg er av . På denne båten er 2 alen ¼ tomme = 112 cm. . Som vanleg hamnar vi nokså nær en rund brøk. Vi ser at er erstatta av på denne båten.
Om rømminga av krøtterbåten
Atterskotten er 2 båtalen 18 tommar = 160 cm. . Atterskotten er 2 tommar kortare enn og det er tofte på rong. Båten har ein fremmerlast på 4 ¼ båtalen 1 tomme. Det er 86 gamle tommar = 237 cm og atterlast på 4 ¼ båtalen 2 tommar Det er 87 gamle tommar = 239 cm Dette utgjer i alt 8 ½ båtalen 3 tommar. Vanleg romlengd er 1 ½ båtalen = 30 gamle tommar. På Nordmøre er romma gjerne litt lenger, og ofte 32 gamle tommar. Denne båten har med andre ord 5 heile rom fordelt på to lasterom og dertil eit framrom på 32 gamle tommar (88 cm). Båten er rømt som seksroring og med hoinn/hauskeip. Om det var keipar i alle rom ville det bli ein sjurøring.