1 Kyrkjebåt frå Årvågsfjorden (Fjordamerra)
| GBM | JBG | Frå | Storleik | Byggjar |
|---|---|---|---|---|
| 1 | 35 | Årvågsfjorden | x | x |
Utstillingstekst
Originaltekst
Fjordamerra høyrde heime i Årvågsfjorden. (Tidlegare Stemshaug, no Aure kommune). Båten vart i følgje Isak Årvåg bruka der til i 1911. Då var han som sju-åring med på den siste turen. Kyrkje på Stemshaug var ferdig i 1908. Fleire tok landevegen fatt. Motorbåtane hadde også teke til å dure.
Denne båten er ein mellom minst 7 slike som fanst i det gamle Aurgjeldet. Det bør koma opp bildet frå gravferda i Engdal 1928 der det er ca 25 menneske ombord. Det bør også opp bilde av likbåten frå Kristiansund.
Fjordamerra kom til Trøndelag Folkemuseum kring 1920 og er no lånt ut derifrå til Geitbåtmuseet. Båten er heilhoggen. Det ser ikkje ut til å vera nytta plansaga bord i den båten. Han er ikkje datert, men årstalet 1842 står skrive på siglebandet. Det kan vera byggjeåret, men det kan også vera eit år med omfattande istandsetting. Det har denne båten vore gjennom. Årringdatering trengst.
Mange kyrkjebåtar
Guttorm Bugen fortalde at det i alle fall var sju slike lange smale kyrkjebåtar innafor det gamle Aurgjeldet. Bildet syner Engdalsbåten i kyrkjeferd med 25 menneske om bord. Det var i 1928. Inst i Valsøyfjorden låg Botnabrura. Ho vart nærpå overflødig då det kom kyrkje på Otnes i 1860-åra. Tidleg på 1900-talet rasa naustet saman og knuste henne. Ein del av tømmeret vart visstnok bruka i fjøs på Vollen (Sætergarden i Valsøyfjord).
Det fanst kyrkjebåtar fleire stader og som var meir eller mindre tilpassa det å vera skyssbåtar i kyrkjeferd. Sjurøringane i det gamle Aurgjeldet står for eit ytterpunkt i tilpassing.
Ordninga med kyrkjebåtar vart truleg påverka av ei lov som kom i 1720. Etter den var alle pliktige til å møte til kyrkje minst to gonger i året. Ordninga vart innskjerp i 1735. Mangel på frammøte kunne føre både til mulkt og til gapestokk. Denne typen rigorøse påbod vart etter kvart oppheva. Dette hadde å gjera med avviklinga av eineveldet og (gjen)innføring av meir demokratiske styreformer. Grunnlova av 1814 representerer den store overgangen.
Likevel var det å møte til kyrkje sett på som ei allmenn borgarplikt. Jol og bededag var sett på som viktige kyrkjedagar heilt fram mot vår tid.
Det var allmugen som organiserte transporten. Kyrkjestellet tok ikkje del i ordningane med båtar. Presten hadde krav på skyss. Og folket laut ordne seg slik at krava om skyss og frammøte vart etterkome.
Kapproingsbåtar
I nyare tid er Fjordamerra kopiert. Det finst tre slike kopiar, ein i Aure (Fjordamerra), ein i Bøfjorden (Hjelmkonnå) og ein her i Valsøyfjorden (Halsabrura). To av kyrkjebåtane er bygde her på Geitbåtmuseet (Husasnotra). Desse nye kyrkjebåtane blir mellom anna brukte til lange roturar for ungdom, til kapproing og til brureferder.
Vi hugsar at Båten har andre mål enn vanlege geitbåtar. Fjordamerra er smal etter lengda.
Til kyrkje vart ein slik båt rodd mann i år. Det vil seia at det var 14 som rodde. Dertil var det plass til 7 i atterskotten og fire i framskotten. Alt i alt var det plass til 25 menneske.
Hovudmål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| 15 1/4 alen | 839 cm | Det er som liten seksring. | |
| 18 alen | 990 cm | = . Det er nær same proporsjon som torskegarnsbåtane. Båten er tverrstemnd. | |
| 1 alen, 1/2 tomme | 59 cm | , 10 3/4 alen. Det er som for fyring. . I vanlege båtar er botnmålet . svarar bra til breidda, men er svært lite etter lengda. . Dette kan ikkje forklarast på nokon annan måte enn at båtbyggjaren har rekna, og han har rekna godt. Det er tilsvarande relasjonar som i dei to smale småbåtane i Gokstadskipet. | |
| 3 1/4 alen, 4 tommar | 190 cm | . Breidda er litt under . . Det er breidd som på ein fyring. | |
| 2 alen, 2 tommar | 116 cm | . Det er som for stor fyring. Det vanlege rònmålet er . | |
| 19 tommar | 52 cm | Det er som stor fyring. | |
| Atterskott | 175 cm | Frå kverken atter til stamnskjerv er det nær 175 cm, som er nær . Kverken er plassert som normalt, men rømminga er lagt annleis. Hammelrommet ligg nær ei alen attanfor vanleg plass. Dimed blir det plass til 7 roarar når den sjuande sit i hoinnet/skotten. | |
| Sprang |
Stamnprofilen på Fjordamerra er slik at framkanten tem meleg nøyaktig følgjer 2 1/4 alen. = 2 alen 3 tommar. Midt i stamnen er då nøyaktig , og det er berre på eitt sirkelslag. Det forklarar kvifor det er tverr stemning.
Fjordamerra er med andre ord lang som ein liten seks ring, rømt med sju rom og brei som ein fyring. Dette at båten er bygd i to målestokkar, ein på tvers og ein annan på langs, er eit prinsipp som går att fleire stader langsetter kysten. Prinsippet er jamvel gjort gjeldande ved bygging av fartøy (kravell).
At det er tenkt i eitt system på langs og eit anna på tvers, slik som det er antyda ovanfor, er ein av hypotesane. Alternativet er ein eigen formel for lange, smale kyrkjebåtar. Denne teorien er stødd av forma på somme gravlagde båtar. Det gjeld til dømes småbåtane som låg i Gokstadskipet. Spørsmålet bør stå ope.
Alen båt per mann med 14 roarar er 1,05, og med 7 mann er det 2,1. Det er litt mindre enn for fyringar og femringar. Volum båt per mann med 14 roarar blir omlag som for fyringar. I praksis tyder dette at kyrkjebåtane ror frå alle konkurrentar. Toppfarten er 8 knop.
Talet på rom er 2 alen per rom + 1 alen. Det verkar som om Fjordamerra representerer overgangen til eit system med 2 alen per rom, slik som det er for skipbåtar og jekter, og slik som det kan sjå ut til å ha vore for sessene (leidangsskipa) sin del.