Stasjon 11 – Teknologi-historie
Originaltekst
Dominerande faktor i utvikling er sagbruksteknologien
Endringar i form på båtane er eit tema som i høg grad dreiar seg om teknologisk utvikling og om prinsipp for forming. Den teknologiske utviklinga når det gjeld båtbygging dei siste 200 åra har svært mykje med sagteknologi å gjera.
Utviklinga går frå båtar bygde av hogne bord, tilhogne saga bord bord og til båtar bygde av plansaga bord. Dei ulike områda i landet går i litt ulik takt. Sprang i utvikling kjem til ulike tider på ulike stader. Det kulturgeografiske mønsteret vert likevel halde oppe heilt til motoriseringa slår gjennom. Motoralderen på sjøen er ikkje tema i denne utstillinga.
I grove trekk kan vi plassere somme av båtane i teknologi frå før oppgangssagene kom. Det er heilehogne båtar. Vi har ein heilhoggen båtar i utstillinga, Det er Fjordamerra, kyrkjebåten frå Årvågsfjorden. Den er det bygd tre kopiar av. Den nøyaktigaste av desse er Hjelmkonnå som høyrer til i Bøfjorden.
Ein annan heilhoggen båt er fyringen frå Gresset i Aure. Den har vi ein nybygd kopi av her på museet. Denne etterkomaren av Gressetbåten står i naustet utanfor, om han då ikkje er på sjøen.
Snidbetningen (Sunnmøre) kjem til som type kring 1700. Den båten er i særleg grad utvikla med basis i oppgangssaga bord. Det er grove bord, 1 ½ tom og grøvre. Det bør hengast opp bilde av oppgangssag og kapp av eit oppgangssaga bord (frå arkivet?).
Hogging av botn og av plank (3 tom og tjukkare) har likevel vorten halden i hevd her på Nordmøre så lenge at vi har fått tak i tradisjonen. Det er botn som er hoggen, medan sidene er laga av sveia jamtjukke bord. Vi kan trygt kalle det ein mellomteknologisk modell.
Båtane er ganske like å sjå til, men det varierer litt. Ein av dei som har særskilt flott botn er den som står fremst i rekkja av dei som presenterer den teknologiske utviklinga av skroget. Det er ein fyring frå Engdal med det klingande namnet Stormfuglen.
Neste steg i utviklinga er Åfjordsbåten. Den kjem som ein eintydig konsekvens av handsaga. Ole Staven hadde vore på jektbebyggeri og kom att med handsag til Åfjorden ca 1800. Vi set oppfinninga Åfjordsbåten som konsekvens av denne hendinga. Såleis bør den båten stillast ut saman med ei handdriven bordsag. Det påfallande er at dette er eit lysglimt av ei oppfinning og som resulterer i ein båttype som held seg stabil, utan vislege endringar i 150 år.
Neste steg i utviklinga er knytt til sirkelsaga. Ho kjem saman med opphevinga av sagbruksprivilegiene i 1860. Brått er saga bord mykje billegare. Dei fleste stadene svarar med å utvikle båttypar utan hogne halsar.
Den mest ekstreme tilpassinga til tynne saga bord, og som tek att for tapet av hule halsar, er nordlandsbåten. Nordlandsbåten av 1860 representerer ein av dei heuilt store genistrekane her i landet. Denne båten får så gode eigenskapar at han er fullt tevlefør med både åfjordsbåten og geitbåten, samstundes som han kan byggast i høgt tempo og av billege materialar.
Her på Nordmøre får vi lystringen. Oppfinninga er frå først i 1860-åra, og det er i store båtar at det skjer. Som stabil type småbåt ser det ut til at typen er ferdig utvikla tidleg 1900.
Det er tydeleg i utstillinga at det har vore ei slags tevling mellom tradisjon frå Hardanger og tradisjon frå Åfjord. Vi ser båtar inspirert frå båe hald. Det er den åfjordsinspirerte ørhuen som dreg av med sigeren. Båe variantane og i ulik utforming er presentert i utstillinga. Utstillinga syner ein langt på veg vilter flora av overgangsformer.
Også lystringen er båt som kan byggjast i høgt tempo. Til vanleg vart det rekna at det kunne byggast to lystringar på den tida det tok å byggje ein geitbåt. Hos Sigurd Brubæk kunne to mann levere båt kvar veke. Etter kvart gjekk lystringen inn i ein rein industriell masseproduksjon etter samlebandsprinsippet. Det var i Tresfjord at dette skjedde og i 1960-åra.
Båtar
12 Fyring for sildefiske (Stormfuglen)
30 Romsdals bygd overgangstype
52 Mellomtype – alternativ til lystring
42 Lysterfæring med marinesegl (luggersegl)
Plansje X – Eksperimentering, Fleire Døme frå ei overgangstid
Plansje X – Båt eller. Andre farkostar enn båt i snever forstand