Fyring for sildefiske

GBM JBG Frå Storleik Byggjar
12 181 Nestua i Engdal x x

Utstillingstekst

Stormfuglen vart rekna som ein særskilt rask båt for segl. Det kan ha samanheng med den spesielt fine botn som denne båten har. Medika er hoggen med meir holning enn det som er vanleg. Teknologisk høyrer den hulhogne medika til ein eldre generasjon båtar.

Denne båten kom frå Nestua i Engdal. Båten vart først og fremst bruka til sildegarnsfiske i Vinjefjorden. Han er ein gåve frå Martin Engdal.

Pasted image 20211021225233.png

Pasted image 20211021222911.png

Pasted image 20211021223810.png

Originaltekst

Denne båten kom frå Nestua i Engdal og heiter Stormfuglen. Etter opplysning frå eigaren, vart båten først og fremst bruka til sildegarnsfiske i Vinjefjorden. Båten er gåve frå Martin Engdal.

Stormfuglen vart rekna som ein særskilt rask båt for segl. Det kan ha samanheng med den spesielt fine botn som denne båten har. Medika (midtstykket mellom halsane) er hoggen med meir holning enn det som er vanleg. Teknologisk høyrer den hulhogne medika til ein eldre generasjon båtar. Hulhogginga kan vera årsaka til at denne båten glid så lett. Ein nøyaktig kopi kan gjeva svar.

Sjå Plansje X – Stifett (stegfatt).

Hovudmål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
l 11 ¼ båtalen, 4 tommar 630 cm
L 14 ¼ alen, 1 tomme 816 cm
b 1 båtalen, 2 tommar 60 cm Vi ser at l er 30 cm lengre enn 10 b .
B 3 ¼ alen, 2 tommar 184.5 cm ¼ L = 204. 184.5 × 4 = 738 . Båten har breidd som normal fyring, men han er lengre enn ein tilsvarande søfjording.
r
s ¾ alen 2 tommar 47 cm Det er lite samanlikna med b. Vi kan setje dette i samanheng med at båten har vaterbord.
Atterskott
Sprang
Mål Båtalen Metrisk
l 11 ¼ båtalen, 4 tommar 630 cm
L 14 ¼ alen, 1 tomme 816 cm
b 1 båtalen, 2 tommar 60 cm
B 3 ¼ alen, 2 tommar 184.5 cm
r
s ¾ alen 2 tommar 47 cm
Atterskott
Sprang

Sjå Forklaring av mål

Sjå meir under drøftinga av aurgjeldingar side…. Det høyrer til ein del utstyr som ligg i magasinet.

Fleire mål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
Romlengdene rekna attanfrå
Frå halsodd att til snor
Skottmål 1 att
Skottmål 1 fram
Skottmål 2 att
Skottmål 2 fram