Stifet (stegfatt)

Ordet stifeting (stegfatt) er lånt frå foten på eit menneske. Undersida av foten svingar opp. Det gjer at foten fjørar. Spenn i ski har same funksjon, og det sikrar god flyt på skiene. Dei glid. Eit høveleg spenn fordelar trykket over ei lang flate. Også om skiene kan det seiast at dei er stifett.

Når båt er stifett dreiar det seg om kjøl og botnbord. Kjølen er svinga litt opp langsetter den midtre delen. Då blir halsen svinga tilsvarande opp. Andre bordet følgjer halsen. Alt i alt fører dette til at båtar som er stifett får ei lang tilnærma plan flate å skli på.

Geitbåten som system Fig 12.7.1 Stifetning (stegfatt).jpg

I tradisjonen har det vore høgt medvit om denne detaljen. Ordet åleine fortel om eit utvikla medvit om fenomenet. Ordet var i bruk om båtar nettopp i dei bygdene der båtane hadde denne detaljen. Det var først og fremst i områda til åfjordsbåten og til geitbåten.

Oppfatninga var at båtane skulle vera høveleg stifett. Var det for mykje vil dei henge. Det er som med ski som har for mykje spenn. Då skli dei berre på fremre og bakre del. I mjuk snø vil dette strike (gjeva motstand). I sjøen like eins. Olav Ulvan frå Hitra kunne fortelje at dei snudde ny-båtane og målte avvik frå rette liner i botn.

Når vatn eller luft går kringom noko rundt, veit vi at dette minskar trykket. Vi ser det svært tydeleg på ei blåse som vi dreg gjennom sjøen. Ho blir sogen ned. Plankestubb eller pølse med tilsvarande volum går opp og sklir etter kvart oppå sjøen. Det tyder i praksis at botn bør vera tilnærma strak (sjå fig.6.12 side….)

Om oppsvingen blir for stor, vil botnlinja bli lengre enn kortaste veg. Botn vil suge. Det skal han ikkje. Han skal skli. Inntrykket er at dette var allment kjent og forstått i det miljøet som hadde båt med stifeting.

Det er interessant at ordet blir bruka både om ski, fot og båt. Norsk ordbok (Samlaget 2012) si kartlegging av ordet synleggjer at det var slik. Det er med å understreke at det er samanheng i logikk når det gjeld ski og båt. Sjå også Båtar i Møre og Romsdal band 1).

Vanleg stifeting i geitbåt er ¼ til ½ tomme. Stifetinga i kjølen på ein åfjordsfæring så vel som i ein færøybåt er av sama storleiksorden. På halsen er det i åfjordsbåtane om lag det same, men det er individuelle variasjonar. Johan Hårstad (Åfjord) uttrykte svært tydeleg at her dreia det som raffinerte detaljar. Det var om å gjera å vera nøyen.

Av di botn er hoggen blir det litt annleis i geitbåten, men resultatet er påfallande likt. Dette er med på å understreke slektskapen mellom desse to båttypane.

Johan Hårstad skaut også litt ned på tredje omfaret (undrenningen) når det var seglbåt han skulle gjera. Då vart det strakare side. Meir å liggje på for seglaren.

Ole Skålvik fortalde at bestefar (Ola Sakså) reia ytterrøra av botnomfaret. Han streka opp etter ei mjuk list som vart hekta fast det er kanten av halsar og mediker skulle bli. Det tyder i praksis at han kunne definere strekket i sida svært nøye. Å finne ut av detter tyder å måle denne detaljen på båtar. Det er mykje løgleg arbeid ugjort for den som vil granske.