33 Åfjordsbåt
| GBM | JBG | Frå | Storleik | Byggjar |
|---|---|---|---|---|
| 33 | 357 | x | x | x |
Utstillingstekst
Originaltekst
Åfjordsbåten har utbreiingsområdet sitt frå grensa mot ytre Namdalen og sørover til og med Fosenbygdene; Frøya, Hitra og Hemne, men ikkje i Vinje, den delen av Hemne (no Heim) som ligg til Vinjefjorden. Der var det geitbåt.
Innover i Trondheimsfjorden er det ein eigen variant av åfjordsbåten (innheradsbygd åfjordsbåt) og som finst i blanding med ein slektning som heiter innheradsbåt. Innheradsbåt er òg eigen type. I systemet kan han karakteriserast som ein mellomting mellom åfjordsbåt og geitbåt.
Medan nordlandsbåten ter seg som ein kontinuerleg utviklingsprosess ser det ut til at åfjordsbåten oppstår som ei radikal nyskaping, og som seinare held seg stabil. Oppfinninga skjer kring år 1800. Sjå kapittel 2 side…[1]
Overgang frå å bygge i furu til å bygge i gran var viktig del av ny maksel[2]. Handsaga (bordsag) var avgjerande teknologisk føresetnad. Åfjordsbåten heldt seg påfallande stabil som form og type heilt til han kom ut av bruk som båt til bruk i yrke. Det skjedde i laupet av 1950-åra. Frå midt i 1970-åra og framover har åfjordsbåten fått fornya interesse. No er det som pedagogisk verkty og som båt til friluftsliv.
Åfjordsbåten og lofotdrifta frå Trøndelag oppsto samstundes. Det var tidleg på 1800-talet. Deltaking der nord gav ikkje andre endringar på åfjordsmaksla enn at det etter kvart ein eigen variant av som gjekk under nemninga lofotbåt. Den ser ut til å koma som konsekvens av den såkalla frilova frå 1859.
Storleikssystemet for åfjordsbåten er ei blanding av nemning etter åretal, rom, lasteevne og kategori: Toknefæring, færing, seksring, halvfjerderømming, firroring, fyring, skottkeiping (fyring med fem par årer), læstabåt (som lastar 12 tønner, tolesting (som lastar 24 tønner), trelesting/fembøring (med 6 til 7 rom) som lastar 36 tønner, torskegarnsbåt (med 8 rom) som lastar 48–60 tønner og lofotbåt (med 9 rom) som lastar 90–110 tønner. Lofotbåtane var kring 16 meter lange. Det var såleis dei største av dei opne båtane på heile norskekysten som det vart fiska frå.
Lofotbåten går også under nemninga staværingsbåt. Denne nemninga har å gjera med at staværingane (folk frå Stadsbygd prestegjeld) var ei dominerande gruppe mellom fiskarar frå Trøndelag på Lofotfisket. Difor vart etter kvart trønder på havet reint allment kalla staværing.
På Møre fekk åfjordsbåten den lite smigrande nemninga grisbåt. Han kleiv ikkje like godt som geitbåten på bårene. Han rota med tranten. Det kunne difor gryntast til grisbåtane eller koma med klage på at; det lokte flæsk.
Staværingsbåten hadde likevel godt rykte som uvêrsbåt. Werner Werenskiold skriv i Norge vårt land: Den er en god seiler og står for svært hardt vær (Werenskiold 1936). Åfjordsmaksla hevda seg godt. Det kom ikkje andre endringar på utforminga enn at torskegarnsbåten vart forfremma til lofotbåt og bygd på med eit ekstra rom.
Nordlandsbåten og Åfjordsbåten har mykje til felles, men storfembøringane på 7 rom vart små ved sida av lofotbåtane frå Trøndelag. Seinare testing av åfjordsbåt og nordlandsbåt (to færingar) i skipsmodelltanken, SINTEF i Trondheim kom til at desse to båttypane har temmeleg like eigenskapar.
To bordstokkar, kjølstokk og halslompar
Åfjordsbåten opp til læstabåt storleik er bygd opp av kjøl, smal hoggen hals og fire saga bord på kvar side. Då gjekk det med to tre til bordinga. Det var ein frambordstokk og ein bakbordstokk. Lenger opp i trea kunne det takast halslompar, kjøl og åre-emne. Les meir i bokverket Nordlandsbåten og Åfjordsbåten av Eldjarn og Godal 1990.
Hovudmål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Dansk-norsk alen | Kommentar |
|---|---|---|---|---|
| 8 båtalen, 14 tommar | 478 cm | 7 ½ da-no alen, 2 tommar | Denne båten er såleis litt under standard lengd på færing som er 8 da-no alen. | |
| 9 båtalen 14 tommar | 533 cm | 8 ½ da-no alen | På normalbåten er det som oftast nær 10 båtalen = 550 cm | |
| Sjå under. | ||||
| 2 alen, 7 tommar | 128 cm | 2 da-no alen, 1 tomme | . Båten er 2 tommar smalare enn rein brøk. Breidda på Åfjordsbåtane slingrar kring og er ofte litt smalare enn som vanleg på geitbåt (søfjordingar). | |
| 12 tommar | 33 cm | Det er mindre enn vanleg på søfjording, men vaterbord og skvettripe kompenserer. | ||
| Atterskott | ||||
| Sprang |
Botnmål på rem = 29 cm . Tvers over blir målet 1/8 av , slik Johan Hårstad i Åfjord sa det skulle vera på remma.[3]
botnmålet målt på geitbåtvis og over undrenningen = 44 cm. Det er som på normal geitbåtfæring.
Åfjordsbåtane er litt attrømt, og slik at mastra kjem nær midt i båt. Praktisk er dette ordna ved at mastra står i ei kjerring som ligg mellom to band. Det er ingen sporklamp knytt til eit band, slik som det er i geitbåten og nordlandsbåten. Dimed blir rømming og masterplassering så og seia uavhengige variablar. Som i geitbåten er forma uavhengig av rømminga.
Johan Hårstad forklara dette på ein litt underfundig måte. Han begynt å sjå etter det (dvs. plasseringa av målepunktet frambandet) på eit visst stadium i byggjeprosessen. Det låg på ein relativ plass i høve midt i båt og ikkje alltid der som det faktiske frambandet vart lagt. Då blir det i prinsippet som i geitbåten, Forma er uavhengig av rømminga.
Sjå også på 37 Grisbåt (åfjordsbåt) i Stasjon 11 – Teknologi-historie.