Grisbåt (åfjordsbåt)

GBM JBG Frå Storleik Byggjar
37 345 x x x

Utstillingstekst

Originaltekst

Ein ærendsbåt frå Kristiansund. Ikkje så rart at det var åfjordsbåtar der. Det var stor handel på Trøndelag frå Litj-Fosen (Kristiansund)

Det er i nord at handsagene mest tydeleg er drivande for utviklinga. I Åfjorden får vi etter alt å døme ein plutseleg innovasjon og som held seg som ei fast form i 200 år. Som teknologihistorie er åfjordsbåten å sjå på som ei radikal oppfinning.

Oppfinninga åfjordsbåt har fem avgjerande føresetnader:

  1. Den eine er overgang frå å bygge i furu til å bygge i gran. Det har med å gjera at det tok slutt på furuskogen i Åfjord så vel som i bygdene kringom.
  2. Det andre var at grana hadde etablert seg. Ho sto med mykje fin skog i høveleg dimensjon og det var mykje gran med hengekvist. Det skal til for å få bøyelege og sterke bord.
  3. Den tredje føresetnaden er at handsaga vart teken i bruk. Dimed kunne det byggjast båt av berre to bordstokkar. Borda vert lagde i eit visst mønster: Ripa er mergbord, remma (botnbordet) er andrebord, roterenningen (bordet under ripa) tredjebord og rerenningen (bordet over remma) er fjerdebord. Dei to borda nærast kjølen, halsane, vert tekne av ein halslomp. Det er ein andrestokk oppå ein bordstokk. Halsane i færingen vert hogne til av 5/4 toms bord. Litt sving og litt hulning. Det er akkurat nok til å sikre eit vakkert innlaup.
  4. Den fjerde føresetnaden var at oppfinnaren etter alt å døme var jektebyggjar. Åfjordsbåten er som ei minijekt i båtfasong.
  5. Utforminga krev lengre kjøl med lott. Det vert ordna med å setje inn rotkne i staden for stammekrok i stamnen.

Vi kan ikkje sjå bort frå inspirasjon nordantil. Det vart importert nordlandsbåtar til Roan i 1780-åra. Nordlandsbåten hadde strekt botnborda lenger fram enn på dei samtidige båtane i sør, men det galdt også for jektene. Oppfinninga skjer om lag samstundes med lofotdrifta frå Trøndelag som startar i 1806. Også dette er ein samanheng som kan ha hatt innverknad.

Hovudmål[1]

Mål Båtalen Metrisk Ny alen Dansk-norsk alen Kommentar
l 497 cm 7 nye alen, 21 tommar Målt på halsoddane (som i Åfjord). Vanleg i Åfjord var 8 nye alen (= 502 cm) i ein vanleg færing. Vi er knappe 2 tommar nære.
L 562 cm 10 nye alen, 4 tommar Det er som litt kort/tverrstemnd vanleg geitbåtfæring.
b 16 tommar 44 cm Målt som i geitbåt og inklusive undrenningen. Dette er standard botnmål i geitbåt.
B 136 cm 2 alen (dansk-norsk), 4 tommar L × ¼ = 140 c m . Det er brøken på 1 ½ tomme nære.
r
s 13 ½ tommar Det er lite, men båten har vaterbord. Det kompenserer.
Atterskott
Sprang

Sjå Forklaring av mål