| GBM | JBG | Frå | Storleik | Byggjar |
|---|---|---|---|---|
| 17 | 328 | Sula på Sunnmøre | x | x |
17 Beingangar, trerøring frå Sunnmøre
Utstillingstekst
Originaltekst
På Sunnmøre oppsto det ein båttype som vert kalla snidbetning. Sjå båt 32 Snidbetning på Stasjon 11 – Teknologi-historie. Det ser ut som at utforminga av denne båttypen kom ein stad nær år 1700 (sjå boka Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal).
Midt på 1800-talet skjedde det ei ny rask teknologisk utvikling, ikkje minst når det galdt saging av bord. Dette drog med seg forenkling av byggjeprosessane. Det kom til fleire forenkla utgåver av dei lokale typane og der saging var viktig del av prosessen. Sjå Stasjon 11 – Teknologi-historie. Ein av dei nye båttypane vart beingangarane på Sunnmøre. Oppfinninga skriv seg frå 18790[1] og det var i Bjørkedalen på Sunnmøre. Båten er bygd av saga bord.
Beingangaren er rigga med det meir moderne seglet som vert kalla marinesegl, skjassesegl eller luggersegl. Denne segltypen vart populær både på Sunnmøre og i Romsdal. Luggerseglet kombinerer gode eigenskapar frå lårseglet (eit råsegl) med eigenskapar i gaffelseglet (lystersegl). Det er særskilt godt der det er kastevindar. Sjå Fig X – Segl (Forklaring av ulike typar).
Nordgrensa for beingangaren/Møringsbåten går gjennom Romsdalen og følgjer i hovudsak det delet som var mellom snidbetning og geitbåt. Denne båten vart kjøpt til Torvik i Surnadal og frå Sula på Sunnmøre. Bruksføremålet i Torvik var føringsbåt og nytta for både livande og dødt. Slik Nils Torvik sa det.
Hovudmål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| 13 alen, 7 tommar | 735 cm | ||
| 4 alen | 220 cm | . Båten er breiare jamvel enn vanlege vestlandsbåtar. Det kan ha samanheng med sterk vind og fiske langt ut. | |
| 1 alen, 18 ½ tomme | 106 cm | . Det er ein svært dryg, høgborda båt. | |
| Atterskott | |||
| Sprang |