Fjølabåt
Også i Møre og Romsdal ser vi døme på temmeleg plutselege sprang. Først ute med modernisering i dette fylket er etter alt å døme Rolf Jensen Sjøasæter. Han starta kring 1860 med å byggje torskegarnsbåtar av fjøler, av saga bord. Det blir fjølabåt og som han får rosande omtale av på fiskeriutstillinga i Bergen i 1865. Nordmøringane fiska skrei både for Smøla-væra på Grip-hølen. Frå Grip var det kort veg til skreimé. Volum var viktigare enn fart i det farvatnet.
Etter at sagbruksprivelegiene vart oppheva vart det nærast ei omvelting innan sagbruksindustrien. Sirkelsagene tok til å svive. Dei fekk ei eksplosiv utvikling frå 1860 og utover. Teorien om konservatisme i bygdene får seg ein kraftig korreksjon med denne nyvinninga. Så vel husbyggarar som båtbyggarar tilpassar seg den nye teknologien i høgt tempo.
Båtar av saga bord vart billege og Rolf Sjøasæter var ute med sin fjølabåt nærast som kontant svar på ny teknologi. Den nye sag-teknikken stimulerte bygging med plansaga bord. Jamvel om dei rundstamna fjølabåtane vart dårlegare både enn geitbåtane og åfjordsbåtane, vart det mange av dei.
Sunnmøringane kom etter med sin møringsbåt eit tiår seinare. Sjå side….) Kanskje var det båtane til Rolf Jensen Sjøasæter som inspirerte. Nordmørsbåt av ny type var på utstilling i Bergen i 1865, og der fekk han rosande omtale. Møringen har ein del til felles med lystringen. Sjå nærare om dette på 17 Beingangar, trerøring frå Sunnmøre.
I 1800-åra kjem det inn ein ny faktor: Negerslaveriet[1] i Amerika gjer bomull billeg. Tekstilindustri basert på billeg bomull frå Amerika veks. England vart den store tekstilindustrinasjonen. Også i Noreg vart det etablert mange bomullspinneri frå midten av 1800-åra.
Det velprøvde råseglet fungerer ikkje like godt med bomull som med lin. Det blir prøvd med gaffelsegl. På dei er det bomull som gjev dei beste segla. Om det var press frå mote, slik Einar Wiik i Roan fortel (Eldjarn og Godal 1990) eller om det var prisen på seglduken som slo ut, skal vera usagt. Det byggjer seg i alle fall opp eit behov for endringar.
20 Nordlandsbåt vart truleg rigga om frå råsegl til gaffelsegl i 1903. Båten kollsegla og vart difor sett på land. Han kom aldri meir i bruk. Sneisegl med bomull fungerer og der det skal bautast især, men det er farlegare.
Burde vi ha noen tegninger her?
- Bomullsplante
- Linplante
- Sagblad/sagbruk?