20 Nordlandsbåt
| GBM | JBG | Frå | Storleik | Byggjar |
|---|---|---|---|---|
| 20 | 346 | x | x | x |
Utstillingstekst
Originaltekst
Nordlandsbåten var etter 1860 ein etter tida toppmoderne effektiv båt til dei oppgåvene han hadde og i dei farvatna som han høyrde til. Båten skulle farte lange strekningar og ofte i stilla. Båten skulle bera fisk inn frå havet, og båten skulle stå han av når dei polare lågtrykka busta seg opp.
På dei mange hamnelause stadene i høge nord, vart nordlandsbåtane segla opp i støa, boren av bårer som etter storleik og form hadde karakteriserande namn som til dømes: løye, uløye og brytar. Somme stader laut båten inn på ei løye, andre stader på ei uløye, når det berre ikkje var ein brytar. Folket i grenda sto i fjæra, heldt utkikk, kunne signalisere og taka imot. Somme stader kunne båten dragast flotørr med mannskapet i.
Nordlandsbåten i utstillinga på Geitbåtmuseet vart henta til museet i 2010. Då hadde han stått i naust sidan 1903. Båten vart kjøpt til Aure i 1900 eller 1901 og brukt mellom anna på Finnmarka (truleg sendt nordover med Hurtigruta). Sesongen på Finnmarksfisket var god i 1903. Etter heimkome skulle det seglast til lækjar på Aure. På turen dit kollsegla dei og ein person omkom. Etter det vart båten sett i naust og han kom aldri meir ut – før han kom til museet.
Det er nye hempe for skaut til sneisegl (gaffelsegl), og det synest at det vart segla med råseglet før båten fekk sneisegl. Omrigginga kan ha vore grunnen til kollseglinga. Gaffelsegl er farlegare enn råsegl i område med kastevind og det trengst litt annan teknikk i handteringa. Nordlandsbåten tedde seg nok som noko framand og farleg etter at ulykka hadde råka.
Storleiken er halvfjerderømming. Storleikane på nordlandsbåten er uttrykt i ei blanding av nemning etter rom, etter tal på årer og etter tal bord i sida: Kjeks/færing, treroring/seksring, halvfjerderømming, firroring, halvfemterømming, åttring, fembøring (det tyder truleg; med fem bord). Nærskyld ord fembelbåt, finst i Østersjøen. Ordet fembøring kjem nordantil og til Trøndelag kring 1850 (Johan Foss har fortalt). Då er det i tyding båt med 6 eller 6 ½ rom og med fem eller 6 bord i tillegg til hals.
Nordlandsbåten finst i fleire variantar. Follabåt, Bindalsbåt, Ranværing og Saltværing er dei mest kjende. Straumbåt er tilpassing til Saltstraumen. Er det kategori eller variant? Båten i utstillinga er truleg ein ranværing. Skilnaden på variantane av nordlandsbåtane er likevel så småe at det lyt spesialistar til for gjeva dei rett nemning etter byggeområde. Lettast er det å skila saltværingane frå resten, for dei er bygde av furu. Ranværingar og bindalingar er av gran.
Framfor alt endrar nordlandsbåten seg over tid. Han er ein prosess meir enn stabil type. I så måte den første av dei vestlege typane som ikkje har eitt eller fleire hogne omfar. Overgangen frå hoggen båt til rein fjølabåt tok tid. Perioden med eksperimentering strekte seg over meir enn 50 år.
Etter to mannsaldrar med gradvise steg og utprøvingar var svaret gjeve. Overgangen til å bygge av tynne handsaga bord starta nok tidleg på 1800 og vi har fleire steg i utviklinga av denne båt-typen frå krumstemning med hogne og delvis hogne oppgangssaga bord til rettstemt båt med berre saga bord.
Nordlendingane brøytte ei løype. I den var det lettare for andre å kome etter. Ingen greidde likevel å gjera det med same eleganse.
Mengda av båtar var større enn det vi klarer å sjå for oss. Lofotfisket tedde seg som ein einaste stor tevlingsplass for utforming av båtar. Den ferdig utvikla båten basert på saga bord, det vi kallar 1860-modellen, er ein rein fjølabåt (sjå også 49 Trebandsfæring, lystring, Nordmøre og 7 Torskegarnsbåt, lystring).
Det geniale knepet er den rette stamnen kombinert med etter måten smale bord, lure fellingar og svært medviten skyting (tilforming av borda). For å vera lettrodd, er båten halden smal. Det lette hole innlaupet og den lange vasslina gjer at han både er lettsegla, lettrodd og toler hardt press.
Nordlandsbåten av 1860 er ein perfekt kombinasjonen av å vera robåt, uvêrsterk seglebåt, og som kan bera turvande førsle av bruk og fengd. Desse eigenskapane er kombinert med moderate krav til dimensjon og kvalitet på material. Dertil kan tempoet i bygginga haldast høgt. Viktig perspektiv er det store skreifiske i Lofoten. Det sto for eit dominerande økonomisk tyngdepunkt i landet.
I høve båtar nordafjells (nord for Sunnmøre) har nordlandsbåten ein særleg måte i høve målestader på tvers. Båten har tverremåla knytt til banda. Dimed påverkar rømminga forma på båtane. Framrømt båt blir breiare framover enn den som er attrømt. Korleis dette påverkar eigenskapar og er fanga opp av form på segl er verd eit eige studium. Det typiske for geitbåten og for åfjordsbåten er at forma ikkje er påverka av rømminga. Både nordlandsbåten og åfjordsbåten er bygde på ny alen (62,8 cm og delt i 24 tommar).
Hovudmål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Ny alen | Kommentar |
|---|---|---|---|---|
| 11 ¾ alen, 3 tommar | 654 cm | 10 ¼ nye alen, 4 tommar | Det tyder ein litt over middels stor halvfjerderømming. Desse båtane vart bygde etter ny alen. | |
| 12 alen, 3 tommar | 668 cm | Vi ser at det er liten skilnad på og . Dette er typisk drag for Nordlandsbåt og især frå 1860 og utover. | ||
| 162 cm | 2 ½ nye alen, 2 tommar | . . Breidda er på tommen nære . Dette er også typisk for Nordlandsbåten. Nordlandsbåtane blir gradvis litt smalare etter lengda med aukande lengd. | ||
| Atterskott | ||||
| Sprang |