7 Torskegarnsbåt, lystring

GBM JBG Frå Storleik Byggjar
7 349 Vik i Aure Lystring x

Utstillingstekst

Originaltekst

Denne båten er ein ombygd torskegarnsbåt. Han ter seg no som ein gavla notbåt med rull atter. Båten vart berga frå det samanrasa notnaustet på Vik i Aure. Han vart nytta som notbåt for Vik notlag. Vi veit ikkje når ombygginga vart gjort. Båten kom til museet 1997/1998.

Fjølabåt

Nordmørsbåt av ny type er ein fjølabåt, bygd med saga bord og utan hoggen hals. (Sjå om bygging av lystring i band 2.) I ein overgangsperiode vart somme bygde med ein omgang hogne halsar Sjå om utvikling av teknologi (i kapittel 12). Sirkelsaga kom fjølabåten velviljug i møte. Det var etter at sagbruksprivilegiane vart oppheva at sirkelsaga slo gjennom. I laupet av 1860-åra vart dei vanlege i heile landet.

Det vart jamt over saga smalare bord på sirkelsagene enn det som var vanleg på oppgangssagene, og lystringen har fleire omfar enn ein geitbåt av same storleik.

Sirkelsaga bord vart mykje billegare enn hogne og utan hogging gjekk det fort å bygge. Etter tradisjonen bygde dei to lystringar på den tida det tok å bygge ein geitbåt.

Sigurd Brubæk på Nesjestranda bygde ein fjølabåt (færing) i veka. Det var med hjelp av ein framvokstring. Ordet fjølabåt er nok litt nedsetjande. Fjølabåtane var ikkje like gode som dei med hoggen botn. I mange tilfelle var dei likevel gode nok.

Nordmørsbåt av ny type med marinesegl/luggersegl eller gaffelsegl fekk etter kvart nemninga lystring. Det tydar på at gaffelriggen var den vanlegaste, Fjølabåtane er seinare både for segl og årer enn geitbåtane. Etter kvart som motorane tok over framdrifta, vart dei lettrodde geitbåtane mindre etterspurde. Det var lystringane som fekk motor. (sjå band 2 side 29. motorisert lystring).

Hovudmål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
l 12 ¼ alen, 4 tommar 684 cm
L 16 ¾ alen, 2 tommar 926 cm
b 1 ½ alen 82 cm b × 10 = 820 . Det svarar til 15 alen lang geitbåt.
B 5 ¾ alen, 3 tommar 280 cm 280 × 4 = 1120 . Det er nær 20 alen.
r 2 ½ alen, 1 tomme 140 cm 8 × r = 1120 . Det er godt samsvar mellom r og B .
s 30 tommar 82 cm Det er påfallande likt b .
Atterskott
Sprang 4 ¼ tommar 12 cm Det er litt mindre enn 1 10 r .

Sjå Forklaring av mål

Korleis vart den store lystringen gjort om? Det kan passe bra at GBM nr 7 har vore kring to meter lengre før han vart stamnkappa og gjort om til notbåt. Det kan ha vore ein 16 alning, ein normal seks(ro)ring. Då vil l ha vore nær 880 cm.