61 Storgavlen, gavla sildenotbåt

GBM JBG Frå Storleik Byggjar
61 369 Hardanger x x

Utstillingstekst

Originaltekst

Storgavlen er ein gavla sildenotbåt og av den typen som var utvikla i Hardanger. Slike båtar vart importert til Nordmøre i andre helvt av 1800-talet. Etter kvart vart slike båtar bygd lokalt.

I Romsdals amt (Møre og Romsdal fylke) var det to bølgjer med auka innsig av vårsild. Vårsild er den gyteferdige silda frå havet, den såkalla atlantoskandiske sildestamme. Den første bølgja kom i 1828 og varde til i 1838. Den andre var frå 1862 og utover. Samstundes med auken i vårsild, tok sommarsildefisket (feitsild) seg opp. Det auka frå 1840 og hadde topp i 1875.

På det meste vart det eksportert 815 000 tønner salta sild frå Møre og Romsdal (Jarle Sanden). Sjå Stasjon 10 – Tønner. Det store innsiget av sild heldt fram, og gav seg ikkje før vi skreiv 1960. Då sto vi andsynes eit radikalt overfiske, slik at dei store sildefiskeria tok slutt. Først i 1980-åra kom det i gang eit nytt industrielt sildefiske, men i eit vesentleg mindre omfang enn det som var.

Sildefiskeria hadde stor innverknad både på garnbinding, tønneproduksjon og båtbygging. Notfisket auka mest, og med det behovet for mange båtar tilpassa dette fiskeriet. Samlebandsproduksjon av såkalla posebåtar i Tresfjorden er det tydelege uttrykket. (Sjå band 2) I 1876 var nær halvparten av sildefiskarane her i fylket notfiskarar.

Dette at sildefiskeria vaks gjev svar på spørsmålet om kvifor somme naust fekk ei andre høgd (sjå kapittel 14). Det gjev også svar på kvifor notgavlen kom inn og kvifor torskegarnsbåten vart bygd om til notbåt (sjå 7 Torskegarnsbåt, lystring).

Hovudmål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
l
L
b
B
r
s
Atterskott
Sprang

Sjå Forklaring av mål