Stasjon 10 – Tønner
Originaltekst
Ordet tønne er i slekt med tonn og som tyder stor. Tønne er i opphavleg tyding knytt til skinnsekk (gælisk språk). Det som på norsk heiter hit (skinnhit). Indirekte fortel då dette ordet om handel med volumvare som kan ha vore korn og det kan ha vore vin. Ordet vart importert før det finst skriftlege kjelder til ordet. Tønna har også levd lenge saman med båten.
Tønna var viktig modul i handel og vandel. Difor var det offentlege reglar for lengd og volum. Vidd i botn og lokk, stavlengd og buk var dei sentrale og regulerte måla i tønna.
Eit båtrom er rekna til to handbogemål eller 1 ½ båtalen (sjå band 1 side 94). På betane ligg det i vanlege bruksbåtar ei tofte. Breidda på toftene varierer kring 4–5 tommar. 4 ½ gamle tommar er 12 cm. Då stikk tofta 1 ½ tomme (4 cm) ut på kvar side av beten. Det går 3 tommar frå rom-modulen.
Romma i Nordlandsbåten og Åfjordsbåten er normert til 32 da-no tommar (83,5 cm). I geitbåten er dei som oftast 31–32 gamle tommar (85 cm – 88 cm). Lengda av ei vanleg heiltønne er i dag 29 tommar (76 cm). Mellom anna difor er toftene lause. Når det skal lastast tønner er rommet langt nok, men knapt nok med toftene i. Tønnene er så store at dei akkurat smett mellom toftene. Når tofta er ute, er det god plass.
Før det vart saga tønnestav var tønnene ein tomme kortare. Då var det kløyvd stav og den tolde meir bøying. Tønnene hadde meir buk. Dei vart kortare på same volum. Då smatt dei i romet jamvel om toftene låg på. På det gamle båtmålet hos Johan Hårstad var tønnemålet avmerkt til 28 (da-no) tommar (73 cm)[1]. Det var lengda då det vart laga tønner av stavkløyvd stav.
For å kontrollere at tønnene har riktig rommål vert det nytta ein målepinne. Den vert lagt frå eine kanten i botn til mit i buken på motståande side og derifrå og opp til under loket på same side som det vart målt frå i botn. Når målepinnen dit er rommålet rett. Kjem han oppføre er det mindre enn 120 potter (116 liter) (Steinnes 1936). Om pinnen ikkje når opp er rom-målet i tønna for stort. Det var ein elegant måte for å måle volum på ei kompleks form (Sverre Svendsen har fortalt). Det er uklart kor vidt denne overgangen i forma på tønnene er årsak til utviklinga av målemetoden eller om målemetoden er eldre.
Sjå Fig X – Tegning av målepinne og tønne.
Når vi tenkjer på at dei grunnleggjande måla i båten er rekna i alen, ser vi at også tønnene er avleiing av den. Tønna er dimensjonert etter dei same kroppsmåla som dimensjonerte romma i båtane. Dei er ein del av systemet båt.
Av di tønnelast var vanleg føring, vart også storleiken på båtar til dels rekna i tønner. Fjørnfar, ein 14 alning, lastar gjerne 10–12 tønner. Lestabåt bar ein lest (= 12 tønner), Tolestingen bar 24 og trelestingen 36. Trelesta trønderbåt er fembøring. Sambøring på Nordmøre bar 60. Det var femlesting.
Tønnerekninga heldt fram i jektene. Siste generasjon jekter var delt i tre storleiksgrupper. Småjektene bar ein stad 2–300 tønner. Myllåjektene bar mellom 500 og 600 tønner, medan storjektene bar 1000 tønner og jamvel litt meir på dei største. På 1700-talet var jektene smærre. Dei kunne vera trelestingar.
Produksjonsvolumet var stort. Samstundes vart tønnene levert til nærmiljøet med liten energikostnad. Tønna er like eins som båten eit glansnummer i vår teknologisk/økonomiske historie. I dag er det mange som knapt veit kva ei tønne er. Vi har noko å lære.