49 Trebandsfæring, lystring, Nordmøre

GBM JBG Frå Storleik Byggjar
49 336 x Lystring x

Utstillingstekst

Originaltekst

På same måten som vi hadde kulturgeografiske område for dei einskilde eldre typane, fekk vi det for dei nyare. Fjølabåten på Nordmøre som etter kvart fekk nemninga lystring, har tydeleg henta inspirasjon frå åfjordsbåten, men han vart bygd berre på Nordmøre, jamvel om han i storleiken torskegarnsbåt også vart populær på Frøya.

Når det etter kvart også vart bygd nordmørsbåtar av ny type, lystringar, såkalla fjølabåtar, fekk desse i prinsippet same romdeling som geitbåtane hadde hatt. Det galdt dei småe båtane, trebandsfæring, færing og trerøring.

Den store overgangen frå geitbåt til lystring kom først og fremst etter at motorane hadde teke til med å dure. Geitbåtane fekk dimed avløysing frå det tyngste arbeidet på havet. Lystringane tok over der ein billeg båt var god nok.

Denne trebandsfæringen er ein lystring, ein færing utan mel[1]. Båten kom frå Vågland der han fungerte som ærendsbåt.

Hovudmål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
l 6 alen, 2 tommar 336 cm Båten er nesten 2 alen kortare enn ein normal Geitbåtfæring.
L 8 alen, 11 ½ tomme 472 cm I nyare målesystem svarar det til 15 fot. Trebandsfæringane kunne vera ned i 14 fot.
b ½ alen, 1 ½ tomme 40 cm Det er 1 ½ tomme under målet for færing. 1 10 l = 34 c m . Båten er brei i botn. I geitbåten er b nær 0,3 av B [2]. 40 : 140 = 0.29 . botn står til breidda.
B 2 ½ båtalen, 1 tomme 140 cm Det er 22 cm breiare enn 1:4. og berre 1 ½ tomme under vanleg breidd på færing. Båten er brei etter lengda.
r 5/4 alen, ½ tomme 70 cm Det er halve B og såleis ein normal relasjon, men det er 20 cm over 1/8 L . Båten er høgt rònna etter lengda, men normalt etter breidda.
s 15 ½ tomme 41 cm Det er likt med ein geitbåt-melfæring og svært høgt til så liten båt.
Atterskott 21 tommar 58 cm l : 5 = 67 c m . Atterskotten er med andre ord kort.
Sprang

Sjå Forklaring av mål

Fleire mål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
Romlengdene rekna attanfrå 31 tommar 86 cm Båe romma
Framskotten 1 alen, 14 ½ tomme 95 cm

Jamvel om lystringane utvikla seg frå geitbåten, og målestadene i utgangspunktet var dei same, har lystringane endra på ein del av dei grunnleggjande proporsjonane. Det kan sjå ut til at det er halde på noko i nærleiken av normale mål på tvers, medan måla i lengderetninga er knept inn ganske mykje.

Noko av dette kan tolkast som konsekvens av at eigenskapane vart endra når byggjeteknikken vart ein ny. Noko hadde med forenklingar å gjera. Viktig premiss for endringa er at lystringen ofte var hjelpebåt til større farkost. Det var ikkje noko å fara langt med.