Snidbetning
| GBM | JBG | Frå | Storleik | Byggjar |
|---|---|---|---|---|
| 32 | 329 | x | x | x |
Utstillingstekst
Originaltekst
Denne snidbetna færingen er lånt ut frå Sunnmøre museum. Nemninga snidbetning kjem av at dei såkalla renningane frammi står på skrå i høve lengderetninga av båten. Snidbetningane kom truleg til utvikling straks før år 1700. Eldste daterte er frå 1713. Sjå meir om dette i band 2.
Samanhengen synest vera eit samanfall av fleire utløysande faktorar. Det minka på skogen på Sunnmøre i andre helvt av 1600-åra. Å få metodar som kravde færre tre for å få til ein båt vart såleis viktig. Oppgangssagene på den tida leverte bord som var 5/4 til 1 ¾ tomme tjukke (32–45 mm). Dei laut tynnast ned, men kunne då samstundes formast.
Samstundes med at skogen minka svikta det tradisjonelle Borgundfjordfiske. Sunnmøringane laut til havs for å finne fisk. Dimed vart det behov for større og havgåande farkostar. Den nye maksla vart slik det elles var vanleg, dregen med i alle storleikane. Som for lystringane på Nordmøre kan det ha vore dei største båtane som styrde utviklinga. Der tok det ein dryg mannsalder før lystringane vart vanlege småbåtar. Kanskje det var slik også på Sunnmøre. Det kan vera eit perspektiv å ha for seg når det gjeld Skauebåten (side…).
Nordmørslystringen vart lansert som torskegarnsbåt tidleg i 1860-åra. Først 40 år seinare vart han i følgje Sigurd Brubæk, også produsert som færing. Dette er lett synleg også av den grunn at det er runde rør på alle lystringane i tilgjengeleg registreringar. Runde rør kom i 1890-åra.
Dei småe sunnmørsbåtane av gammal maksel kan ha vorte bygde både ½ og eit heilt hundreår lenger fram i tid enn då dei første snidbetningane vart bygde. For å få svar på dette spørsmålet trengst det funn av båtar eller delar som kan fortelje. Dei er enno ikkje funne.
Den utstilte båten i Geitbåtmuseet er ein færing av same lengd som ein geitbåt med mel. Snidbetningane på denne lengda er utan mel, men er litt breiare og litt djupare enn tilsvarande søfjording.
Utviklinga av snidbetningen hadde truleg samanheng både minkande tilgang på grovt tømmer, tilgjengeleg sagbruksteknologi og behov for båtar som kunne seglast langt ut i havet. Snidbetningen vêr seg godt (er bergeleg) i grov sjø.
Snidbetningen fanst i alle storleikar frå færing, til åttring, tendring og sambøring og etter eit system som ikkje er ulikt det vi har for Geitbåten sin del, jamvel om rømminga var litt annleis.
På Sunnmøre vart båtane målte på ein litt annan måte enn i Geitbåtområdet. Vi veit at det vart gjort med båtalen og storleiken referert til alentalet målt langsetter ripa. Ripemålet skulle vera det same som målet langsetter stamnar stemningar og kjøl.
I følgje Jakob Helset målte bestefaren med famna, alen og spannet. Sigurd Bjørkedal sa også at dei på famna. Dertil kunne dei legge til løvda (breidda av handa ved finger-røtene). Det var båtalna som var i bruk på Sunnmøre.
Dei målingane vi har gjort på snidbetningar stemmer bra med den målemetoden tradisjonsberarane har fortalt om. Lengda langsetter ripa og frå lidarodd til lidarodd, blir nokså nær like lange når målestaven er kring famna lang. Famna lengd langsetter ripa kallar vi .
Hovudmål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| 7 ¼ alen, 2 tommar | 405 cm | Det er vanleg lengd på trebandsfæring (Nordmøre) | |
| 10 ¼ alen, 3 tommar | 572 cm | ||
| ¾ alen, 3 tommar | 50 cm | Det er lite å samanlikne med av di strukturen er ein annan enn i geitbåt. | |
| 2 ¾ alen, 3 tommar | 159 cm | Båten er dryge 2 tommar breiare enn jamn brøk. | |
| 5/4 alen, 2 tommar | 71 cm | (71 + 5) x 2 = 152, medan B er 159.[1] | |
| ¾ alen, ½ tomme | 42 cm | Det er normalt sidemål også i geitbåt. | |
| Atterskott | |||
| Sprang | 3 ½ tomme | 10 cm |
Båten er brei etter lengda, jamvel rekne som sunnmørsbåt. Det er ikkje uvanleg at småe båtar får litt ekstra breidd. Det kan vera kjøpar sitt ønskje ut frå kor og til kva båten skulle brukast.
Det lyt målast fleire båtar for å teste om dette er mønster. Åttring målt av Bernhard Færøyvik (fig. 6.11.2.) er smalare etter lengda enn dei smærre båtane. Vi veit ikkje om den målte båten står for regel eller unnatak. Jakop Helset er temmeleg klar på at den einskilde kjøparen kunne ha særskilde ønskje. Båtane vart difor aldrig heilt like.
Prinsippa er likevel ikkje til å koma utanom, det er ikkje innlaupet som er det frapperande med snidbetningane, men det er sida. Dei har ei lang flat side å liggje på. Det stemmer bra med det tradisjonen så vel som slepeforsøk kan fortelje om. Båten har særskilt stor sluttstabilitet og han vil vera svært god i grov sjø og sterk vind.
Snidbetningen er ikkje av dei mest lettrodde, og heller ikkje av dei raskaste i moderat vêr. Det er når det kular opp med sterk vind og stor båre at denne båttypen har sin styrke. Då kjem dei rundare båtane til kort. Også geitbåten blir svak i samanlikninga. Både den og sunnfjordsbåten blir for flåe i botn. Dei vil slå. Dertil er sluttstabiliteten ikkje den same som for snidbetningen.
Fleire mål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| 11 alen 2 tommar | 610 cm | Målt langsetter ripa. |