48 Liten hoinnfemring frå Brattset

GBM JBG Frå Storleik Byggjar
48 305 Brattset på Ertvågøya i Aure Femring x

Utstillingstekst

Originaltekst

Denne båten kjem frå garden Brattset på Ertvågøya i Aure. I følgje tradisjonen på garden, vart båten bygd på Hendset i Valsøyfjord. Der var det båtbyggjarar. Dei har bygd både i aurgjeldsbåtar og søfjordsbåtar. Utformingstype i båten frå Brattset er som for aurgjelding. Båten har vaterbord med flatkeipar og drigler (skvettbord). Han har vore rigga med tverrsegl. Båten er gåve til museet frå Katja Brattset.

Kort fortalt er dette ein båt som er femrådd (som det heiter på Nordmøre). Han har fem par keipar. Det er fire rom og keip i framskotten. Båten har hoinn. Det er ror (keipar) i framskotten. Det er ein skottkeiping. Såleis er det femring, ein femrors fyring, ein hoinnfemring. Båten er liten etter talet på rom.

Det har vore ei meiningsutveksling om kor vidt hornet er eit tillegg til ror-nemninga eller om det uttrykkjer at båten ikkje er fullrømt. Firroring på Hitra og Frøya er halvfjerderømming med fire par årer. Truleg er dette beste jamføringa. Då er denne båten mindre enn fullrømt femring. Han er ein hoinnfemring og jamvel ein liten hoinnfemring.

På lengd er denne båten som ein fullrømt søfjordsfyring. Sjå 22 Fyring, allsidig bruksbåt frå Engdal. Det finst mange båtar som ikkje er fullrømte fyringar. Dei svarar til firerors halvfjerderømmingar lenger nord, og slagkeiping lenger sør. På Nordmøre under nemninga hoinnfyring. Denne båten er tilsvarande ein hoinnfemring.

Slitespor og innreinad fortel både om linefiske og skyss. Det er sess i atterskotten. Båten har fem rorar. For å få plass til den femte er det teke frå båe skottane. Det er ein svært liten femring. Lengda er som ein fullrømt fyring.

Det femte par årer kan ha med kyrkjeferd å gjera. Då skulle det kapproast og det var jamlegast mange om bord. Då kom den femte roren godt med. Den femte roren tyder på at båten ofte var i bruk som skyssbåt.

Rong i atterskotten og slitasjespor gjer truleg at båten også har vore nytta som linebåt.

Hovudmål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
l 11 alen 605 cm
L 14 alen, 4 tommar 780 cm 605 × 5 4 = 756 . Det er nær 5 4 l + ½ alen. Slik er også søfjordsfæringane. Til så stor båt å vera, er han slutstemnt.
b 1 alen, 2 tommar 61 cm Det svarar til 1 10 l .
B 3 ¼ båtalen, 3 tommar 187 cm 780 : 4 = 195 . Båten er 3 tommar smalare enn beint på brøk.
r 1 ½ alen, 4 tommar 93.5 cm 2 × 93 , 5 = 187 . 780 : 8 = 97 , 5 . Båten er lågt rónna etter lengda, men presist på ½ B .
s 19 tommar 52 cm Med vaterbord er dette normalt. Utan vil det vera litt lågt.
Atterskott 1 ¾ alen, 1 tomme 98 cm 1/5 av l er 2 alen 4 tommar = 121 cm. Det er knipe 8 tommar av atterskotten for å få plass til hoinnet. Ved dette er båten vorte 11 tommar attrømt. Det tyder at seglet er tilpassa attsett båt. Med mange på sessen kan dette ha gått greitt.
Sprang

Sjå Forklaring av mål

Fleire mål

Romlengdene sviv kring 86 cm. Dei ligg med andre ord midt mellom 32 dansk-norske tommar og 32 gamle norske tommar. Heile konseptet fortel om tilpassing til at det skal kunne bli fem par årer på ein så liten båt som mogleg.

Etter tala å døme ter denne båten seg som ein mellomting mellom søfjording og aurgjelding. Med vaterbord og tverrsegl er det ein typisk aurgjelding. Dette er kanskje typisk. På Hendset var det bygd både aurgjeldingar og søfjordingar. Som aurgjelding er båten frå Brattset liten etter romtalet. (konferer 50 Båt for heimefiske).