50 Båt for heimefiske
| GBM | JBG | Frå | Storleik | Byggjar |
|---|---|---|---|---|
| 50 | 306 | x | x | x |
Utstillingstekst
Originaltekst
Dette er ein typisk allsidig bruksbåt. Kombinert ærendsbåt og båt for heimefiske. Båten kan rustast med snørsul, tvihak og vadbein. Årer på framromet. Nysteskrin i mela. Fisk i atterskotten (Teikna på papp?).
Ein typisk ærendsbåt og variant aurgjelding. Han ter seg som lettrodd. Det er først og fremst færingen som var ærendsbåt. Vi bur langsetter fjordar. Før bilvegen[1] kom, var det fjorden som var vegen og færingen hadde om lag same rolla som personbilen har i dag.
Ungdomane hadde behov for å møtast, då som no. Den første båten ein framvokstring fekk vart gjerne kalla friarbåt. Det vart itj det da, men…, fortalde Einar Wiik. Han fortalde også at det første faren og ein onkel gjorde med den båten, var å prøvesegle. Før ungdomen farta, laut dei vaksne forvisse seg om at båten var trygg.
Typiske ærendsbåtar har vore slike som 9 Fela, færing og protobåt. Jamvel litt mindre båtar har hatt slik funksjon (sjå 34 Liten færing frå Hestnes). Ærendsbåten skal vera lettrodd og samstundes grei for segl.
Båten er nok også vorten nytta til litt lokalt heimefiske. Heimefiske var viktig, og somme dreiv heilårs fiske frå naustet. Det var med lett utstyr, juksa, snik, trøe, smågarn og småline. Det var helst frå småe bruk og plassar at ærendsbåt og allsidig bruksbåt var ein vanleg kombinasjon.
Han har spor som syner at båten har drifta med både sildegarn (settgarn?) og med snøre på vadbein. Vadbeinet har lege på babord side i hammelromet slik det var vanleg. Sjå om å kaste side….[2]
Hovudmål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| 8 ½ alen, 3 tommar | 476 cm | ||
| 10 ¾ alen, 3 ½ tomme | 601 cm | ||
| 16 1/4 tomme | 44.5 cm | ||
| 2 ½ alen, 1 ½ tomme | 142 cm | . Båten er smal. | |
| 5/4 alen | 69 cm | ||
| ¾ alen | 41 cm | Det er som protobåten. | |
| Atterskott | |||
| Sprang | 1 ½ tomme | 4 cm |
Konferer måla på færingane i kapittel 7 side….[3] Aurgjeldingen har mål på tvers som svarar til ein 8 alen lang søfjording, medan er ½ alen lengre. Dette er typisk for aurgjeldingar. . Skilnaden på (476) og (601) er mindre på aurgjeldingen enn på søfjordingen. Aurgjeldingen er litt meir tverrstemnd.