9 Fela – færing og protobåt

GBM JBG Frå Storleik Byggjar
3 256 Skålvik i Skålviksfjorden Færing Lars Åkvik

Utstillingstekst

Originaltekst

Fela er færing frå Skålvik i Skålviksfjorden, og som vart bygd av Lars Åkvik, Han budde på Rabben. Han gjekk såleis til dagleg under namnet Lars Rabbå. Han var kjend for å gjera særskilt fine båtar.

Fela er såleis ein finbygd båt og han er nær ved å ha det vi kallar normalmål. Fela ter seg langt på veg som det som kan kallast ein protobåt, ein båt som har i seg dei grunnleggjande måla, dei måla som systemet geitbåt byggjer på. Difor er det grunn til å sjå nøye på den.

Måla i målepunkta på protobåten er det som også kan uttrykkast som normalmål, og som måla i alle geitbåtar, store som små, tek utgangspunkt i. Fela fungerer som protobåt. I større og mindre båtar enn protobåten dreiar det seg om skalering og nokså ofte modifisert skalering.

Skalering kan vera på brøk. 2 gonger færing er 16 alning. Dei mellomstore båtane med 3 til 5 rom kan ha storleikstypiske avvik frå rein skalering. Dei får eit lengdetillegg (tillegg til l). som relaterar til talet på rom. Fyringen har fire rom. Lengda er som færing + 2 til 3 alen. Femringen (med fem rom) er ofte 8 alen (færing) + 5 alen.

Avvik frå norm kan også dreie seg om individuell tilpassing til ulike behov som ein kjøpar kan ha. Farvatn båten skal ferdast i, bruksføremål og storleik på kjøpar verkar alle inn på den detaljerte tilpassinga.

Fela, Det er ein færing. Eldre nemning for båt var far (noko å fara med). Båt for to mann var i gammalnorsk; tveggja manna far. Ordet færing tyder rett og slett: noko å fara med. Opphavleg kan det ha vore far-ing. Det å fara. I dagleg liv i grendene har dette vore med dei småe båtane. Verb og substantiv på same ordstamme vanleg  i norsk. Å bile og bil. Å økse og øks o s b.

Ing ending kan også ha med storleik å gjera. Parallell er til dømes orda ås og åsing.  Ås er berande stokk, åsing er liten berande stokk. Far er farkost, faring kan tyde liten farkost. Far – ing har med a-omljod gått over til å bli færing. Sjå også band 2 side 33.

Vi har tilsvarande fått trerøring (ofte uttala trøring) med tre par årer, femring med fem par, seksring med seks par og  åttring med åtte par årer og rodd av åtte mann. Den vesle båten faring vart etter kvart til færing.

Færingen er først og fremst ærendsbåt, men også allsidig bruksbåt i nære farvatn. Her i landet er ein viktig del av busetnaden knytt til fjordar. Før bilvegen kom, var det fjorden som var vegen og færingen hadde om lag same rolla som personbilen har i dag. Normalfæringen på Nordmøre (og i Trøndelag) har to rom og mel (midtirom). Sjå meir om storleikssystem på Stasjon 6 – Storleikssystemet for geitbåtar.

Ærendsbåt og normal

Fela har vore ærendsbåt frå Skålvik og han har vunne kapproing Innlandet rundt (Innlandet i Kristiansund). Då var det med Stor-Nils Skålvik ved årene. Tidlegare brukar var også Martinus Skålvik Gjevar av båten til museet var Olav Skålvik.

Fig X – GBM 9 – Fela, mål

Hovudmål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
l 8 alen 440 cm (160 tommar)
L 10 5/8 alen 583 cm I brøk er dette 5 4 l + 12 tommar. 10 ½ alen og 2 tommar. Det er 212 tommar. (Mange båtar er 210 tommar)
b 16 tommar 44 cm 1 10 l = 16 tommar = 44 cm
B 2 ½ alen, 3 tommar 146 cm ¼ L = 212 : 4 = 53 tommar. Det er 2 ½ alen 3 tommar. ( 2 × r = 146 cm. ( 73 × 2 = 146). Dette er hovudregelen. Då står breidda til bordinga. Det gjev logikk.)
r 73 cm 1 8 L
s 15 tommar 41 cm b - 1 t o m m e
atterskotten 32 tommar 88 cm 1 5 l
Sprang 2 ½ tomme 7 cm nær 1 10 av r (rón)

Sjå Forklaring av mål

Fleire mål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
Romlengdene rekna attanfrå 31, 16, og 32 tommar 85, 44, og 88 cm 32 tommar (88 cm = 1/5 l). Sum rom er 79 tommar. På tommen nære er dette 4 alen rom. Då er det også 4 alen band og skott. Sagt på ein annan måte: l = romtalet × 2 + 4.
Frå halsodd att til snor
Skottmål 1 att
Skottmål 1 fram
Skottmål 2 att
Skottmål 2 fram

Dette er dei konstituerande måla. Dei ligg til grunn for heile storleikssystemet. Kan du desse, kan du i prinsippet byggje alle storleikar av geitbåt. Dei skal lesaren bli dregen med på i ein lang serie av båtar.