③ Testbåten
| GBM | JBG | Frå | Storleik | Byggjar |
|---|---|---|---|---|
| 3 | 347 | Halsa (Heim) | Søfjording | ? |
Utstillingstekst
Originaltekst
Dette er ein ny båt og som er testa i skipsmodelltanken til SINTEF i Trondheim. Testresultata er omtala i band 2 (Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal, Fagbokforlaget 2016).
Båten er nybygd og som ein mest mogleg normal færing i systemet geitbåt. Han knyter seg til ideen om ein protobåt. Testbåten er såleis bygd etter måla frå 9 Fela, færing og protobåt og han er ganske nær dei måla.
Testbåten ligg difor i form og mål nær det som kan kallast protobåten i eit system som vi gjerne kan kalle Geitbåtsystemet. Frå segna frå båtbyggar Einar Bangstrad om at alle mål bor i færingen fortel at det var slik bårbyggjarane kunne tenkje båtane. Det galdt for Nordlandsbåten og det galdt etter alt å døme for andre tradisjonsbåtar så vel som for skip som fanst 1000 år før vår tid.
Mål og målepunkt er markert i båten der som han er stilt ut i Geitbåtmuseet. Sjå Fig X – Namn på målepunkt i båten (Fig 3.1). Testbåten har nokså nær samme mål som 9 Fela, færing og protobåt som står ved sida av testbåten i utstillinga. Det er lista opp fleire mål på denne båten enn det som seinare går att i det som er kalla hovudmål.
Hovudmål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| 8 alen | 440 cm | ||
| 10 alen, 12 tommar | 582 cm | ||
| 16 tommar | 44 cm | Fram 1 cm meir | |
| 2 ½ alen, 4 tommar | 148 cm | . Båten er 1 tomme breiare enn . | |
| 5/4 alen, 1 ½ tomme | 73 cm | (litt slingring) | |
| ¾ alen, ½ tomme | 43 cm | ½ tomme over normalen | |
| Atterskott | 32 tommar | 88 cm | |
| Sprang | — | — |
Fleire mål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| Romma | 32 tommar | 88 cm | |
| Frå halsodd att til snor | 1 alen, 1 tomme | 58 cm | |
| Skottmål 1 att | 1 alen, 1 tomme | 58 cm | |
| Skottmål 1 fram | 1 alen | 55 cm | |
| Skottmål 2 att | ¾ alen, 2 tommar | 47 cm | |
| Skottmål 2 fram | ¾ alen, 2 5/8 tommar | Dette sikrar innfallsvinkel fram og avfallsvinkel att båe blir ca 30°. Inngang som utgang og som likesida trekant |