4 Lensmannsbåt frå Kvenna (Stangvik)
| GBM | JBG | Frå | Storleik | Byggjar |
|---|---|---|---|---|
| 4 | 233 | Kvenna (Stangvik) | Færing | x |
Utstillingstekst
Originaltekst
Før kommunerevisjonen i 1897 var Stangvik ein stor kommune som omfatta bygdene frå Åsskard til Todal. Både Hamnes og Torvika høyrde Stangvik til. Åsskard vart delt frå i 1897.
I Stangvika budde lensmann og prest. Det var fjorden som var vegen. Lensmannen hadde eigen skyssbåt. Det er plass til både lensmann og dreng forutan to roarar i båten. Det kan gjerne stå ei drammeflaske bak sessen til lensmannen. Om det fanst ei lensmannshuv ville det vera topp. Båten er lånt ut frå Surnadal bygdemuseum.
Færingar, trerøringar og jamvel fyringar kunne nyttast som skyssbåtar. Denne båten var skyss for lensmannen. Farge er signal, grå farge fortel at her kjem ein offisiell person. Lensmannen. Båten var lensmannsbåt i Stangvik og han var stasjonert på Kvenna. Siste lensmannen som vart rodd var N J Nygård i Stangvik. Det var i 1910. Lensmannsbåtane varierte ein heil del i storleik. Det kunne vera både færinger, trerøringar og fyringar.
Lensmannsvesenet er avvikla og erstatta av eit politi med snevrare oppgåver. Saman med presten var lensmannen staten sin representant i bygdene. Lensmannen sto for lov og rett i mange samanhengar. Ein del av det som i dag går under trygdevesenet, offentlege auksjonar, arveoppgjer, så vel som brotsverk (kriminalitet) låg under lensmannen sitt ansvar. Lensmannen var institusjon i person og som det sto respekt av.
GBM nr 4 har nokså nær det som kan kallast normale mål for færing. Han har litt breiare botn enn rein brøk. Det dreiar seg ikkje om meir en ca ½ tomme. Tala gir likevel meining. Litt høgre borda enn til dømes 9 Fela, færing og protobåt på Stasjon 6 – Storleikssystemet for geitbåtar og litt mindre utlagd framskott. Forma kan ha med rask robåt å gjera, men også bruk i indre fjordstrøk der sjøen sjeldan er grov.
Båten har sess for lensmann atti og for lensmannsdreng frammi. Sessen atti har ryggstø. Attom er det plass til nyste (somme seier skjenk) for lensmannen.
Båten er lånt ut frå Surnadal kommune.
Hovudmål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| 8 alen, 1 tomme | 442.5 cm | ||
| 10 ½ alen, 3 tommar | 586 cm | ||
| ¾ alen, 5/4 tommar | 45 cm | Nær | |
| 146 cm | |||
| 5/4 alen, 1 ½ tomme | 73 cm | ||
| ¾ alen | 42 cm | ||
| Atterskott | 1 ½ alen, 2 tommar | 88 cm | Det er |
| Sprang |
Fleire mål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| Romlengdene rekna attanfrå | |||
| Frå halsodd att til snor | |||
| Skottmål 1 att | |||
| Skottmål 1 fram | |||
| Skottmål 2 att | |||
| Skottmål 2 fram |