54 Liten færing frå Sætergarden

GBM JBG Frå Storleik Byggjar
54 316 Sætergarden i Valsøyfjorden Litenfæring Jon Hendset

Utstillingstekst

Originaltekst

Dette er også ein liten færing. Båten har vore i bruk frå Sætergarden, i Valsøyfjorden. Etter tradisjonen på garden vart båten bygd i 1898 av utvald fin verka ved (det vil si tørka langsamt og lenge). Båtbyggaren var Jon Hendset.

Båten vart restaurert i 1979 av Olav Wågsand. Då fekk båten nye ripbord og nye keipar. Slitespor frå opphavleg bruk er såleis borte. Keipane er ikkje av grodde emne, slik det var vanleg. Dette er einaste registrerte båten som har denne slags samanbygde keipar. Båten har to segl. Det eldste er firskore og eitt nyare er sneiskore geitbåtsegl. Båten er gåve frå Reidar Sæther.

Hovudmål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
l 7 ¼ alen, 1 ½ tomme 403 cm Det er ein svært liten melfæring.
L 10 alen 551 cm Det er mykje etter lengd på stamnskjerv. 403 × 1 , 25 = 504 . L er ¾ alen 2 tommar (47 cm) lengre enn 5 4 l . Båten er sluten.
b 16 3/8 tomme 45 cm l 10 = 40 cm. Botnmålet er to tommar over normalen for lengda og 1 cm over normal botnbreidd for færing. Botn blir då fire tommar breiare enn proporsjonalt etter lengda.
B 2 ½ alen 2 tommar 144 cm L : 4 = 135 . Båten er brei etter lengda. 9 Fela, færing og protobåt var 146 cm brei. Det går igjen at breidda ikkje er proporsjonal på båtar som er kortare nn 8 alen.
r 23 5/8 tommar 65 cm Det er 1 ½ tomme under 1 8 L . 2 × r = 130 cm. Båten er lågt ronna og brei etter høgda.
s 14 tommar 38.5 cm Det er nokså proporsjonalt.
Atterskott 5/4 alen 4 tommar 81 cm 1 5 L
Sprang

Sjå Forklaring av mål

Fleire mål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
Romlengdene: hammelromet 31 tommar 85 cm
Romlengdene: mela 13 tommar 35 cm
Romlengdene: framromet 32 tommar 88 cm

Båten er lågt rónna, men normalt borda i sidene. Han har såleis litt mindre spring enn det som er vanleg i geitbåt. Slik han ser ut i dag, ter han seg helst som ærendsbåt og skyssbåt og med sess i atterskotten. Når det skal roast i vind er, ein lågbørt båt fordel (lågt spring og grunn båt). Båten får lite vindfang. I Valsøyfjorden kan det vera vind og som er usæl å segle i, men det blir ingen store bårer. Då er grunn breibotna båt ein fordel.

Båten har vore bruka til heimefiske. Det vart fiska med snøre og jarstein (djupsokn). Fisken vart vippa om bord, sjå Plansje X – Å vippe fisk ombord (arbeidstittel). Då var det fordel at båten var lågbørt. Også denne båten har vore nytta til å ro korn til kverna i Vågosen. I følgje Reidar Sæther kunne han bera opp til fem kornsekkar[1]. Kornsekken veg 80 kg. 400 kg er mykje på ein så liten båt. Brei botn uttrykkjer behov som kjøparen hadde.

Denne båten hadde også rykte for å vera snar under segl. Med den breie botn har han bore seglet sitt godt. Lågt borda gjev lite vindfang. Båe delar er fordel under kappsegling. Det er ein løgleg båt, spesialtilpassa den aktuelle bruken i Valsøyfjorden.