39 Svært liten aurgjeldsfyring
| GBM | JBG | Frå | Storleik | Byggjar |
|---|---|---|---|---|
| 39 | 330 | Aurgjeld | Fyring | x |
Utstillingstekst
Originaltekst
Dette er den minste fyringen i samlinga på Geitbåtmuseet. Bäten lyt tolkast som skyssbåt.
Båten har vaterbord og flatkeip. Det er typisk for aurgjelding. Det kan sjå ut til at omforminga av aurgjeldingane til båt med vaterbard og tverrsegl startar ein stad nær 1830–1840 og var fullt ut gjennomført i 1860. Søfjordingen ser ut til å vera utgangspunktet.
Åfjordsbåten ter seg i dag som eit førebilete for om forminga. Ei tolking er å kalle det kulturell diffusjon. Kor mykje som har smitta over frå åfjordsbåten, og kor mykje som kan vera eldre drag i aurgjeldingen, er likevel ikkje avklara. Inntil vidare er det grunn til å halde ope for at aurgjeldingar og geitbåtar i Trøndelag (før åfjordsbåten kom til) kan ha vore litt smalare enn søfjordingane.
Aurgjeldingane fekk vaterbord med flatkeip og på fyringar jamvel kollar. Det er svært tydelege uttrykk for tilnærming til åfjordsbåten. At aurgjeldingane også er litt lengre etter breidda, er noko dei har sams med åfjordsbåten. Sjå også 50 Båt for heimefiske. Også dei eldste aurgjeldingane vi har sett på, er litt lengre etter breidda enn sofjordingane. Vi kan såleis ikkje sjå bort frå at dette har med eit eldre fellesskap nordover å gjera.
GBM nr. 39 har ein svært kort atterskott, medan mastra står nær midt i båt. Dette har venteleg samanheng med at båten har hatt firskore segl. Dei fleste aurgjeldingane har tverrsegl (firskore/trapesforma rásegl). Difor er dei romte fra midten. Atterskotten har ikkje ein fast proporsjon slik det er i søfjordingane. Søfjordsbátane har ein viss plass for hammelbandet. Der kjem skautet inn. Båten er då rand etter seglet. Mastra kan gå litt framover og attover utan at dette skiplar balansen i båten.
Hovudmål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| 9 alen, 4 tommar | 503 cm | Det er ein svært liten hoinnfyring. Så kort båt med fire rorar kan tolkast som skyssbåt. | |
| 11 ¾ alen, 1 tomme | 650 cm | . Til aurgjelding å vera verkar dette å vera litt sluten stamn. | |
| kring 18 tommar | 51/50/46 cm | . Det er som søfjording. | |
| 2 ¾ alen, 3 tommar | 162 cm | . Båten har breidd som ein søfjording. | |
| 5/4 alen, 2 tommar | 75 cm | . Ronnet svarar korkje til eller til . | |
| 15 5/8 tomme | 43 cm | Litt lågare enn gjenomsnittleg søfjording | |
| Atterskott | 1 alen, 13 tommar | 84 cm | . 4 tommar under . Dimed kan mastra koma nær midt i båt. Mastra står 4 tommar framom midt i båt. Det er eit vilkår at mastra er nær, men gjerne litt framom midt i båt når det skal seglast med tverresegl. |
| Sprang | 4 tommar | 11 cm |
Fleire mål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| Romlengdene: hammelromet | 31 tommar | 85 cm | Det er vanlege romlengder. |
| Romlengdene: sigleromet | 29 ½ tommar | 81 cm | |
| Romlengdene: andøveromet/framromet | 31 tommar | 85 cm | |
| Romlengdene: hausen | 32 tommar | 88 cm |
Med unnatak av den korte atterskotten har båten normale søfjordsmål, men ronnet er lågt. Båten ter seg som strak på ripa. Samstundes ter han seg som ein aurgjeldsbåt med vaterbord og flatkeip. Er han gjort breiare enn vanleg i Aure på grunn av den ekstra keipen i ein båt som elles har typiske mål for trerøring? Er det ei famling frå ei overgangstid?
Rømminga fortel at det ikkje er å forstå som ein søfjording. Vart båten bygd på Hendset? Der bygde dei både søfjordingar og aurgjeldsbåtar. På ein måte passar denne båten inn i båe systema, Han er både aurgjelding og søfjording. Vi kan spørje, men ikkje svara.