34 Liten færing frå Hestnes

GBM JBG Frå Storleik
34 272 Hestnes i Valsøyfjord, Halsa (Heim) Litenfæring

Det er ein liten melfæring, ein liten geitbåt, ein litenfæring. Båten kjem frå Hestnes i Valsøyfjord og han var bruka av Knut Hestnes som ærendsbåt. Han rodde mellom anna ein kornsekk eller to til kverna i Vågosen. Hestnesbåten er ein lett robåt og ein fin ærendsbåt.

Hovudmål

Forkorting Båtalen Metrisk Kommentar
l 7 ¼ alen, 2 tommar 404 cm Båten er 13 tommar (36 cm) kortare enn normal melfæring.
L 9 ½ alen, 3 tommar 532 cm 5 4 l = 505 cm. Det tyder nokså normal stemning.
b 15 ¼ tommar 42 cm 1 cm over 1 10 alen
B 2 ½ alen, ½ tomme 139 cm 1 4 L = 133 cm.
r ⁵5/4 alen 69 cm Det er 1 tomme over ¹⁄₈ alen.
s 13 5/8 tommar 37.5 cm Det er nokså proporsjonalt.
Atterskott 19 ¼ tommar 80.5 cm 1 5 l
Sprang

Sjå Forklaring av mål

Båten er 2 tommar breiare B enn ¼ L og 2 ¼ tommar smalare enn vanleg melfæring. Her smakar det av eit kompromiss. Breidda er noko midt mellom vanleg færingmål og eit proporsjonalt mål etter lengda. Det kan tyde på eit mønster der breidda ser ut til å ha ei sjølvstendig vurdering bak seg på dei båtane som er kortare enn normalbåten.

Vi kan konkludere med at båten langt på veg er proporsjonal, men B er litt breiare og r står til B . Vi les ut av tala at båten er nøye planlagt. Etter det som er opplyst var denne båten bygd på Hendset. Der var dei gode til å rekne. Tala i denne båten tyder på nøyen planlegging.

Det er bygd minst tre båtar på måla frå denne båten. Den eine er Kjeet i Imarsund (turisthytta). Desse små færingane er lette å fara med for ein mainn. For dei fleste av oss er Hestnesfæringen knerødd i hammelromet. Det er grunn til å vurdere lengda på kjøparen før båten blir rømt.

For å få litt betre plass kan gjerne dei to minste geitbåtane stillast ut med den eine over den hin. Då også for å få betre sikt mot Stormfuglen (på stativet mot nord).