40 Kyrkjebåt frå Rykkjem på Nes, Ålvundeid

GBM JBG Frå Storleik Byggjar
40 331 Rykkjem på Nes, Ålvundeid Seksring x

Utstillingstekst

Originaltekst

Kyrkjebåten frå Rykkjem er ein lettbygd liten seksring. Han er deponert frå Nordmøre museum avdeling Kristiansund. Denne kyrkjebåten var i bruk mellom Rykkjem og Stangvik. Han hadde plass i Stornaustet ved Rykkjem-kaia.

Dette er ein lettbygd seksrørings geitbåt, rigga med lårsegl ( 15 m 2 ). Båten er i dårleg forfatning, men representerer ein type skyssbåt vi ikkje har direkte maken til. Einar Borgfjord bygde ein kopi då han var stipendiat ved Norsk handverksinstitutt. Det er Fosnageita og som no er i eige av Nordmøre museum Kristiansund.

Hovudmål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
l 15 alen 825 cm Det er ein liten seksring (seksroring), ei alen lengre enn fjørnfar (stor femring) og fire alen lengre enn fullrømt fyring.
L 18 ½ alen, 1 tomme 1020 cm l × 5 4 = 1030 . Også denne fell godt inn i mønsteret. Etter storleiken er båten litt slutstemnt. Det kan høve godt på ein turbåt.
b 5/4 alen, 1 tomme 73 cm 825 : 10 = 82.5 c m . Båten har smal botn.
B 4 ½ alen, 1 tomme 250 cm L : 4 = 255 c m
r 2 alen 110 cm
s 1 alen, 4 tommar 67 cm Båten er borda etter botnmålet.
Atterskott 2 ¾ alen 3 tommar 160 cm
Sprang 2 tommar 5.5 cm

Sjå Forklaring av mål

Botn er smalare enn proporsjonalt frå færing. Langt inne i fjordane vart det helst rodd. Då er det fordel med smal botn. Vi har ikkje så mange andre i denne storleiken å jamføre med. Båten bør prøvast meir.