Båt eller? Andre farkostar enn båt i snever forstand

Ein båt har i utgangspunktet kjøl og segl slik at han kan bite på. Båtar kan krysse (segle mot vinden). Som regel har dei også andre framdriftsmiddel, slike som årer og etter kvart motor.

Geitbåten har levd saman med andre slags farkostar som ikkje er båt i snever forstand. Vi har i Møre og Romsdal hatt fleire slags flatbotningar som har gått under nemningar som ferje, eike, pram, kunte og åfløy.

Ei uthola tresatamme har den eigenskapen at ho flyt på svært grunt vatn. Så snart det fanst fjøler vart det lett å byggje flatbotningar, og når det kom sager vart jamvel flatbotningane billege. Flatbotningar av ymse slags har difor vore populære og spela ei stor rolle i dagleg liv mange stader.

Prammar eiker og andre flatbotningar har oftast tent til særlege føremål og der båt i snever forstand ville ha fungert dårlegare i høve det behovet som skulle stettast.

I grunne vatn, over sund, i vassdrag og har det vore i bruk farkostar som er enklare å bygge enn det som i dagleg tale vert kalla båt. Viktig eigenskap somme stader er at farkosten kan flyte på grunt vatn. Han lyt vera flatbotna. I slike samanhengar vil båtar med kjøl ofte vera for tunge og for djuptgåande til å kunne stå for stettinga av det praktiske behovet. Prammar og eiker av ymse slags var meir praktiske i elvar og tjørnar enn båtar med kjøl.

Når vi ser landet i samanheng har det vore mange flatbotningar og i ein vilter flora av døme. Her i utstillinga har vi berre tre. Det er døme på variantar som har vore bruka her i området. Strekkjer vi oss lit t lenger har det til dømes i Surna vore ei surnadalseike som også var t kalla moaferje. I Driva har det vore Sunndalseike og i Rauma ei åfløy. Sjå meir om dette i boka: Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal.


Burde vi ha noen tegninger her?