31 Færing frå Kvenna rusta med seitrøe

GBM JBG Frå Storleik Byggjar
31 350 Kvenna Færing x

Utstillingstekst

Originaltekst

Det er ein færing med tilnærma normale mål, men litt brei etter lengda. Båten har vore nytta mellom anna til seitrøfiske.[1] Han bør utstyrast med to seitrøer og påmontert snøre, med forsing og ongul med beit. Seitrøfiske var eit vårfiske. Seien kom gjerne i slutten av våronna eller i håballen (tida mellom våronn og slåttonn). Seien kunne stå i tette vøer, og då gjekk det fort å fyll ein bakskott.

Dette er ein vanleg færing, bygd både for heimefiske med sul (snøre på vadbein) og for fiske med seitrøer. Det er to trøer i båten, ei av bambus og ei av furubak. Dei er om lag av same lengd so stamnskjervlengda.

Båten ter seg som ein velforma god båt, men han er øydelagt i botn og det kan sjå ut til at han er fallen litt ut i breidda. GBM 31 har svært breie bord. Bak-kjempe og bak-rip er i eitt bord. Dette var ikkje uvanleg i Aure, men elles sjeldan.

I keipane er det hamleband av okselær. Det var ganske vanleg så lenge det vart slakta heime. Solide og passeleg stramme hammelband er viktig når ein skal ro, ikkje minst på seisjøen. Då kunne årene sleppast når seien beit.

Seitrøene vart laga av kvistrein slett ved frå furubak (ytste laget av rake kvistreine stammer). Det finst også seitrøer av bambus. Med mykje fisk som sto høgt var det meir enn nok med to trøer. Når seien beit var det å vippe han inn i bakskotten.

Sto fisken djupare var det vadbein og snøre med hilstikke og beit som galdt, sjå Fig X – Bilde av hilstikke. Det kunne gå fort å fylle ein skott med mort og småsei. Hilstikke er tjukk streng som det er festa jarstein (søkke) og forsyn med ongul (fiskekorok) til. Ved kroken er det beit, kvitt fiskeskinn til lokkemiddel. Beitet tilsvarar ongulen med kvit eller farga gummi av den typen som vi nyttar i dag.

Etter fisket vart snøret sula opp. Å sule er å leggje snøret på ei sul (toarma grind som gjer at snøret heng laust)[2], sjå Fig X – Bilde av sul. Då tørkar det etter bruk. Å tørke snøret var viktig i den tida då det var laga av hamp eller lin.

Hovudmål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
l 8 alen, 1 ½ tomme 444 cm
L 10 ¼ alen, 4 tommar 574 cm 444 × 1.25 = 555 . Dvs. normal stemning.
b 16 tommar 44.5 cm l : 10 = 44,4 cm. Normalt botna.
B 2 ½ alen, 4 tommar 152 cm 574 : 4 = 143 cm. Båten er brei etter lengda.
r 5/4 alen, 1 tomme 72.5 cm 574 : 8 = 72 cm. r er normal etter lengda, men låg etter breidda. 2 r = 145 cm
s 15 ½ tomme 42.6 cm[3] Litt over normalt borda. Det kan vera del av forklaringa på breidda, men ikkje heile. Om det er kvakkelsjø i fjorden kan også det vera med på å forklare breidda.
Atterskott 1 ½ båtalen, 1 tomme 86 cm l : 5 = 89 cm. Normal atterskott på tommen nære.
Sprang

Sjå Forklaring av mål

Denne båten ligg nær opp til det vi kan kalle normale mål. Bruken har vore allsidig bruk. Heimefiske er tydeleg at denne båten har vore med på.