Mellomtype – alternativ til lystring

GBM JBG Frå Storleik Byggjar
52 321 Hamnes x x

Utstillingstekst

Originaltekst

Denne båten kjem frå Hamnes og han er bygd som ein kombinasjon av tradisjonar frå Nordmøre og frå Hardanger. Slike båtar vart bygde på Hamnes. Det har samanheng med fartybygging og skipsinspektør John Børve (1851–1933. Han teikna mange jakter for bygging på Nordmøre. Det gjeld mellom anna dei namnspurde Svanhild og Dyrafjell.

Børve bar med seg tradisjonar frå Hardanger. Han meinte hardangerbåtar var bra båtar for Nordmøre. Båten har T-kjøl og han er breiare etter lengda enn ein geitbåt. Forma ber tydeleg preg av å vera rein fjølabåt. Båten minner såleis mykje om ein strandebarmar. Samstundes har denne båten også umiskjenneleg drag frå båtbygging lenger nord. Båten har mel (midtirom) og dertil fotstu som ein geitbåt.

Denne båten er eit tydeleg døme på påverknad utanfrå. Det er truleg typisk at desse Hamnes-båtane ikkje slo gjennom som dominerande type. Det finst fleire døme på båtar som vart bygde etter inspirasjon frå andre område. Av ein eller annan grunn var dette meir vanleg i Aure enn i andre bygder. Der er det båtar som er inspirert både nordafrå og sønnafrå, men det var berre aurgjeldingen (med vaterbord) som slo gjennom som stabil type.

Færingen frå Hamnes vart levert inn for reparasjon, men han var for dårlig til at det var botvon. Nils Røv, Surnadal er såleis gjevar.

Hovudmål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
l 6 ¾ alen, 2 tommar 376 cm Det er på kjølskjerving. Båten manglar lott.
L 9 ¾ alen, 3 tommar 544 cm
b ¾ alen, 1 tomme 44 cm Det er som geitbåtfæring.
B 2 ¾ alen, 3 tommar 156 cm 544 : 4 = 136 c m . Båten er 7 tommar breiare enn 1 : 3 . Det luktar inspirasjon frå så langt sør som Skagerrak.
r
s 17 tommar 46 cm Det er 2 tommar meir enn vanleg på geitbåt.
Atterskott 1 ¾ alen, 1 tomme 98 cm Atterskotten er lang.
Sprang

Sjå Forklaring av mål

Fleire mål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
Romlengdene: hammelromet 1 ½ alen 83 cm
Romlengdene: mela ½ alen, 3 ½ tomme 37 cm
Romlengdene: framromet 31 tommar 86 cm

Vi ser at båten ter seg som ein mellomting mellom geitbåt og hardangerbåt. Botnbreidd, fotstøer og mel er som geitbåt. Kjøl, båtbreidd og bollen form er meir lik sørabåtar.