Stasjon 5 – Former og prinsipp for formskapinga

Definerte og varierte former og storleikar

Båtane liknar ein annan

Båtane er ganske formlike jamvel om dei er ulikt store og bygde for ulike føremål. Båtane er likevel ikkje heilt like. Skilnad på forma frå båt til båt er det mogleg å sjå frå. Kva vis ser og legg merke til er avhengig av kor blikk og sikteline blir lagt. Retning på blikket er viktig.

Etter tradisjonen dreiar desse skilnadene seg om tilpassingar som er gjorde i høve kjøpar og tiltenkt bruk. Lange karar fekk gjerne litt lengre rom enn korte. Båtar som først og fremst skulle roast kunne få ein smitnare atterskott (smiten = med slank avsmalning) enn dei som skulle bera bruk.

Båtar som skulle ut i havsjø og stor båre fekk gjerne litt meir framskott enn dei som berre heldt til inne i fjordane. For at båtane ikkje skulle renne på havbåra, kunne lottinga bli annleis. Dei som skulle ligge for ein sterk sidevind, fekk gjerne ei side som var ekstra strekt.

Hovudmåla som er knytt til dei vanlege brøkane, kan endre seg med ulik storleik.

10 Færing frå Taknes

8 Fyring fra Drøpping