Liten gavlbåt med notrull
| GBM | JBG | Frå | Storleik | Byggjar |
|---|---|---|---|---|
| 35 | 340 | Vik i Aure? | Lystring | Ole Saltrø |
Utstillingstekst
Originaltekst
Denne båten bør rustast med aurenot og med påmontert notarmar. (Steinar Eidsli – aldersheimen) kan fortelje detaljar.
Båten er ein liten notgavl og det er ein lystring. Typisk for lystringane er ein smal ørhu og fire eller fem bord. Denne båten har notrull. Slik båt vart det i følgje Steinar Eidsli fiske aure med. Det vart kasta med landnot på grunnane utanfor elveosane i Valsøybotn. Desse nøtene var så små at dei vart dregne med handmakt.
Frå Vik i Aure? Det er båt bygd av Ole Saltrø og det er ein typisk lystring med fire bord og ørhu. Båten har runde rør og er såleis venteleg bygd etter 1900.
Båten står for nyskaping på to måtar. Det eine er at det ein lystring. Det andre er notrull over ein tverrhekk. Dei eldre notbåtane hadde notbord på sida. Sjå til dømes plansje over notbåt frå Aure[1] (stasjon 8[2]) og om sildenotfisket (Stasjon 7 – Kulturgeografi).
Hovudmål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| 10 alen, ¾ tomme | 552 cm | ||
| 2 ½ alen, 2 tommar | 145 cm | ||
| Atterskott | |||
| Sprang |
Det er som vanleg for geitbåtfæring. Lystringane brukar vera litt kortare.
Det lyt gjerast plass på veggen for plansjen som syner notbåt av geitbåttype. Notbåten på Jørnøya (ortofoto)JBG nr 9.