Geitbåt er type (Plansje 2.2)

Denne utstillinga dreiar seg om geitbåten og jamvel litt om etterkomarar og grannar i nord og sør. Geitbåten finst i tre hovudvariantar. Det er søfjordingen som er den dominerande varianten. Denne varianten høyrer til i heile futedømet (sorenskriveri) Nordmøre, men med unnatak av store delar det gamle Aurgjeldet (Aure prestegjeld). Det svarar i dag til det av Aure kommune som ikkje høyrde Tustna til og dertil om lag halve det som var Halsa kommune (tidlegare Valsøyfjord).

Aurgjeldet hadde i alle fall frå midten av 1800 – talet sin eigen variant av geitbåt. Det var aurgjeldsbåten. Romsdalen hadde også ein eigen variant. Det var romsdalsbåten. Utstillinga presenterer alle tre variantane.

Fig X – Kart over dei tri variantane av geitbåt

Vi talar om type båt. Då er det den kulturgeografisk avgrensa tradisjonen for byggjemåte og utsjånad vi talar om. Geitbåten høyrer heime på Nordmøre og i Romsdal. Den geografiske grensa for bygging og bruk går i nord mot Trøndelag. Nordafor finn vi åfjordsbåtar. I sør høyrer geitbåten heime i den austlege og nordlege delen av det som var futedømet Romsdal.