Saltrøbåt (lystring)

GBM JBG Frå Storleik Byggjar
36 344 x Lystring Ole P Saltrø

Utstillingstekst

Originaltekst

Denne lystringen vart bygd i 1930 av Ole P Saltrø, og han vart bruka som ærendsbåt på Halsa gard i Halsa kommune. Dette er storgard og båten er kvitmåla. Det var fint folk. Båten er gåve frå Halsa gard v/Per Dyre Halsa og Bjørn Lervik.

I den teknologihistoriske samanhengen er dette ein rein fjølabåt. Alle omfara er laga av tynne saga bord. Sirkelsaga er teknologisk føresetnad. At vi er i motoralderen er også viktig. Dei tyngre oppgåvene på sjøen er tekne over av motoriserte farkostar. Geitbåtane var likevel best. Dei som dreiv lokalt heilårs fiske heldt seg såleis til dei, men lystringen var grei til dei lettare oppgåvene.

Dette er ein typisk ærendsbåt og skyssbåt, med sess i atterskotten. Han er også litt ekstra stasa med kvit og raud måling.

Færingane rådde enno grunnen i 1930-åra når det galdt småbåtar til heimefiske, skyss og ærend. Det endra seg ikkje før påhengsmotorane for alvor kom putrande. Då er vi i 1960 åra. Då vart også bilane for alvor slept laus på dei norske vegane. Lokalbåtane vart etter kvart avløyst av bilferjer.

Lysterfæringane vart bygd og bruka innafor heile det området som hadde hatt geitbåt som dominerande type. Etter 1917 skulle båtane målast i fot. På denne går fotmålet opp med halve da-no alen og målt innapå stamnane slik båtbyggjarane brukte. Nokså snart vart dei klar over at det skulle målast som loa (lengde over alt) dvs. utanpå stamnane.

Etter kvart vart det overgang til engelske fot og jamvel meterfot (30 cm). Dette gjorde at båtane krømpa utan at dei grunnleggjande måla i båten elles vart endra. Såleis vart lystringane etter kvart ganske butte.

Ordet fjølabåt er nok litt nedsetjande. Båtane var ikkje like gode som dei med hoggen botn, men dei vart mykje billegare. Etter tradisjonen bygde dei to fjølabåtar på den tida det tok å bygge ein geitbåt. Sigurd Brubæk (Angvika og seinare Nesjestranda) bygde ein fjølabåt (færing) i veka.

Hovudmål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
l 7 alen 397 cm
L 9 ½ alen, 4 tommar 536 cm Det svarar til 17 fot på da-no alen. Det er stor lysterfæring.
b ¾ alen, ½ tomme 43 cm
B 2 ½ alen, 2 tommar 145 cm Breidda er 10 cm meir enn som B : L = 1 : 4 .
r 5/4 alen, 6 tommar 72 cm Det er vanleg ròn på geitbåt.
s 14 tommar Det er vanleg på geitbåt.
Atterskott
Sprang 5 cm Det er litt mindre enn standard geitbåt.

Sjå Forklaring av mål

Etter moten i tida er denne båten litt rundare enn det som var standard i søfjordsbåtar. Denne lystringen er elles ein tydeleg indikasjon på at det var geitbåtmåla som levde vidare i lystringane. Sjå band 2.

At denne båten fekk nemning lystring har truleg med marknadsførng å gjera. Det var knytt status til listerbåten. Å kalle det lystring kunne tyde på at det dreia seg om ein listerliknande båt. Når vi ser nærare på detaljar ser det likvel ut til at inspirasjonen er henta frå åfjordsbåten. Vi veit at det var åfjordsbåtar i Bud i 1850-åra. Dei var yttarst tevleføre med omsyn til fart for årer og segl. Vakne båtbyggjarar har granska og prøvd.

Det er påfallande at listringen ikkje har sprisegl, slik det var vanleg i Skagerrak. Det er luggerseglet som slår gjennom. Det er eit segl som minner om geitbåtseglet, men delt i to delar. Det var eit trygt segl i kastevind. Han har heller ikkje T-kjøl, slik dert var vanleg der sør.

Skroget i færingen er bygd av 4 plansaga bord (som i ein åfjordsbåt) og med ein svært smal hals (ørhu). Ørhuen kan vi godt forstå som ein åfjordsbåthals, men enno smalare. Flatkeipen kom vel helst også derifrå.