Romsdals bygd overgangstype

GBM JBG Frå Storleik Byggjar
30 365 Todalsfjorden (Surnadal) Lystring x

Utstillingstekst

Originaltekst

Mykje viktig båt i samlinga. Det er ein lystring med ein hoggen hals. Nordmørsbåt av ny type, som etter kvart fekk nemninga lystring, kom til tidleg i 1860 åra. I overgangstida får ein del av båtane ein hoggen hals. Denne båten er døme. Det kan sjå ut til at dette vart ein god båt, men han slo ikkje gjennom som ny type. Truleg var han ikkje like god som ein geitbåt, og samstundes for dyr i samanlikning med lystringane.

Denne båten er ein melfæring frå Todalsfjorden (Surnadal). Båten heldt først til på Drøpping og kom så til Nordvika. Båten har ekstra lang Y-kjøl og ein omgang hogne halsar. Keipane er av den typen vi kallar skjeggkeipar. Det er slike som vi har på geitbåt.

Vi kan kalle det ein mellomgenerasjon, eit eksperiment knytt til forenkleing. Slike variantar og overgangstypar finst det fleire av. Dei har til felles at dei bprøber åpkombinere nyare teknoikkar med dei gamle formene. På denne er det eitt hogge omfar i tillegg til kjølgattet er forenkla. Dette er nokså likt som byggjeteknikken i dei firebords vestlandsbåtane (sjå 6 Båt frå Midt-Vestlandet som står i Stasjon 7 – Kulturgeografi). Meir omfattande undersøkingar er ønskjeleg. Systematisk gjennomsøking av alle naust er enno ikkje gjort. Det burde gjerast.

Stamnforma på GBM 30 er som i Romsdal. Det spesielle med stamnane i Romsdal er at dei er litt hula på båe sider. Då blir det mindre felling for å få borda innåt. Detaljen gjer borda sterkare i den vanskeleg fellinga mot stamnen. Årene i denne båten er også særmerkte og typiske for Romsdal. Vi kan ikkje sjå bort frå at det er mange som har prøvd seg på overgangsformer, men at det var varianten med smale ørhuer som slo gjennom. Sjå 36 Saltrøbåt (lystring).

Hovudmål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
l 6 ¼ alen, 4 tommar 356 cm
L 9 alen, 3 ½ tomme 541 cm
b 14 tommar 40 cm
B 2 ½ alen, 3 tommar 145 cm
r
s 15 tommar 41 cm
Atterskott
Sprang

Sjå Forklaring av mål

Båten er 10 cm breiare enn 1 : 4 . Det er vanleg i Romsdal.

Mela er 14 tommar. Det er normalt stor mel etter L . Båten er truleg å kategorisere som allsidig bruksbåt.

Fleire mål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
Romlengdene rekna attanfrå
Frå halsodd att til snor
Skottmål 1 att
Skottmål 1 fram
Skottmål 2 att
Skottmål 2 fram