GBM JBG Frå Storleik Byggjar
59 170 x Fyring x

59 Fyring Rodal

Utstillingstekst

Originaltekst

Båten er svært forseggjort. Etter tradisjonen på garden vart denne båten nytta til vinterfiske. Det var kastarbåt og rodd for vær på Smøla. (Veidholmen, Brattvær). Båten har jamvel vore på Lofoten.

Typisk fort aurgjeldingane er at dei er litt smalare etter lengda enn søfjordingane. Samstundes er dei tverrar stemt, dei er oftast midtrømt og rusta med firskore råsegl. Siste generasjon aurgjeldingar har vaterbord om lag som åfjordsbåt.

Denne båten er svært fint avseg-gjort. Vi veit ikkje om dette er eit einstaka tilfelle eller om det var typisk for ein viss båtbyggjar. Båten har litt uvanlege mål. Kanskje det var ein finhent kar, men som ikkje sto midt i miljøet av båtbyggjarar som har laga denne båten?

Hovudmål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
l 12 alen, 5/4 tomme 664 cm Det er mykje for ein fyring.
L 14 ¼ alen, 4 tommar 795 cm 664 × 5 4 = 830 . Båten er tverrstemt. Atterskott 150. 150 × 5 = 750 . som er 13 alen 12 tommar. Dvs. svært lang.
b 1 alen, ¾ tomme 57 cm 664 : 10 = 66 . b er mindre enn det som svarar til l . Båten er smal i botn.
B 3 alen, 3 tommar 173.5 cm 795 : 4 = 199 c m . Båten er nesten 6 tommar smalare enn ¼ L .
r 1 ½ alen, 1 ½ tomme 92 cm 2 r = 184 c m . r er stor etter breidda. 795 : 8 = 99 c m . b er liten etter lengda. 173.5 : 2 = 87 c m . r er midt mellom det som svarar til breidda og det som svarar til lengda.
s ¾ alen, 2 tommar 47 cm Det er lite etter lengda.
Atterskott
Sprang

Sjå Forklaring av mål

Fleire mål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
Masterplass Midtrømt