Rundbotna pram med kjøl

GBM JBG Frå Storleik Byggjar
27 366 Englivatnet (i Halsa) x Jon Hendset

Utstillingstekst

Originaltekst

Ordet pram kjem frå slavisk og er eit ord som vart importert til Noreg alt i mellomalderen i forma pråmr. Ordet er i slekt med å fara. Det ordet går att i færing, i ferje og i fjord. Ein fjord er smal, han er farande over.

I Trøndelag vert det fleire stader sagt ferje om pram. Dei var lettvinte å ty til der det var elvar eller smale sund ein skulle over.

Denne prammen var i bruk i Englivatnet (i Halsa). Han vart bytt mot ny pram med Annlaug Solem i Settemsdalen. Båten vart bygd av Jon Hendset i 1930-åra og han er rigga med to par årer. Det særlege er at denne prammen er bygd med kjøl. Det er forteljing om båtbyggjaren som byggjer pram.

Vanlege prammar har flatt bord midt under, og det ligg oftast innom neste omfar. Det er såleis løgleg overføring av teknologi frå båt til pram.

Ordet båt har som vi har vore inn på (side….)[1] med å beite å gjera dvs. å krysse. Båtar har difor kjøl. Pram er i utgangspunktet utan. Dette er ein mellomting.

Hovudmål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
l
L 8 alen 440 cm 440 cm svarar til åtte båtalen. Det er tal vi kjenner att. Breidda er 3 tommar smalare enn 1 3 L .
b
B 2 ¼ alen, 4 tommar 135 cm
r
s
Atterskott
Sprang

Sjå Forklaring av mål