Notbåt av geitbåttype
| GBM | JBG | Frå | Storleik | Byggjar |
|---|---|---|---|---|
| x | 9 | x | x | Ole Andreasen Reiten (Saksin) |
Utstillingstekst
Originaltekst
Denne båten er stor som ein fjørnfar. Han er spiss-stemnd og har ope notrom midt i. Det er notbord på sida. Båten høyrde til nye Ormbostad notlag. Båtbyggaren var Ole Andreasen Reiten (Saksin). Det finst fleire notbåtar laga over same lest, men dei er ikkje så store som den på Jørnøya. Det er påfallande at denne båten vart bygd så seint som i 1912 til 1913. Det var lenge etter at notbåtar av hardangertype var tekne i bruk. Kva kunne fordelen vera?
Det finst notbåtar bygde som geitbåtar. Dei har notbord på sida. Nota vart kasta sidelengs ( fig,. 11.4.). Båten er synt på ortofoto og teikning laga av Øystein Ormbostad og han står i naust på Jørnøya (Tustna, no Aure kommune). Eigar er Ormbostad Samlingar.[1]
Hovudmål
| Mål | Båtalen | Metrisk | Kommentar |
|---|---|---|---|
| 14 ¼ alen, 2 tommar | 790 cm | Det er fullrømt fjørnfar (sjå også Gammelhampen, JBG nr 296 side…. Han er berre tre tommar kortrare). | |
| 17 ¾ alen, 4 tommar | 987 cm | . Dvs. nøyaktig på brøk. | |
| 5/4 alen, 4 tommar | 80 cm | . Vi er på centimeteren nære. | |
| 4 ¼ alenm 4 tommar | 244 cm | . Dvs. ein tomme under brøken. | |
| 2 alen, 3 ½ tomme | 120 cm | . Det er 4 cm under . Båten er lågt rònna. | |
| 5/4 alen, 4 tommar | 76 cm | Det er 1 tomme meir enn som proporsjonalt frå vanleg færing. | |
| Atterskott | 2 alen, 6 tommar | 127 cm | . Atterskotten er svært kort. |
| Sprang | 2 tommar | 5.5 cm | . Med lite sprang otg målt som vanleg blir båten litt smalare enn som . |
Botnlegget er slik det er vanleg.
Under bør ryddes opp i
Notrommet er 6 alen = 330 cm. Det utgjer for fire rom. Framrommet er 31 tommar (= 86 cm) og hoinn er 30 tommar (83 cm). Dertil er det ror på skotten. Båten er stor som ein stor femring, ein hoinnseksring, det vi kan kalle ein halvsjetterømming eller fjørnfar.
Båten er bygd som førnfar, femring på færingformel. Båten har fem rom (x 2 = 10 alen) + 4 alen. Storleiken er ikkje mykje ulik gammelhampen (JBG nr 296 side….). Den båten har likevel eit lågare sidemål = 5/4 alen = 68 cm. 3 tommar mindre enn på notbåten. Notbåten er det med andre ord mykje bord for. Det er rimeleg når han spesialbygd for å kunne bera ei stor not. Gammelhampen JBG nr 296, side….) vart også nytta som notbåt, men den båten var rømt og rigga som allsidig bruksbåt.
Tilpassinga elles går først og fremst på innreiinga. Båten er rigga med kort atterskott. 2 alen 6 tommar. er 2 alen 17 tommar = 158 cm. Atterskotten er med andre ord korta inn 11 tommar i høve normal 1 : 5. Dei som ror sitt frammi. Då er det viktig at nota kjem så langt att at ho balanserer båten på ein bra sett, jamvel om det er tre som ror.
Hardangerskikken i høve notbruk var å kaste nota att. Ho vart rodd ut. Med notbord på sida blir nota kasta til sides. Då blir det som for garn. Steintelna framover og flåtelna attover. Litt meir arbeid, men kanskje sikrare at nota greidde seg fint i sjøen.
Dei små krystokkane attmed atterstamnen fortel at notarmane kunne liggje der når nota var sett. Det er ikkje spor etter spelrull, slik som det kunne vera i somme av notbåtane (sjå fig. …). Notbåten har venteleg samarbeidd med spelbåtar som drog notarmane.
Rigg og segl ser vi heller ikkje spor etter. Båten har vore rodd til sildevågen, eventuelt hange på slep etter båt med segl eller motor. I 1913 fanst det motorar.