Teksten under har bare såvidt blitt rensket opp. Tegnsetting og forenkling av utheving. Jeg har brukt kun fet og ikke fet+kursiv.
Denne plansjen bør suppleres med et Fig X – Diagram over båtstørrelsene i forhold til hverandre.
Kva er ein båt? (Plansje 2.1)
Ordet båt tyder: som kan bite på, som kan beite, det vil seia krysse, Med båt kan vi segle mot vinden. Båt har difor kjøl og segl. Utan kjøl er det noko anna enn båt.
Før det fanst motorar kom båtane seg fram også når vinden kviler. Båtar har årer. Båtar kan både roast og seglast.
Båt er også storleik. Storleik kan reknast på mange måtar. Eit gjennomgåande system er å rekne storleik etter talet på rom. I eit vanleg rom blir det rodd med eitt par årer. Talet på rom er såleis i dei fleste samanhengane det halve av talet på årer.
Minste ordinære båt er færing. Han har to par årer. Så kjem trerøring (som også kan bli kalla seksæring), fyring (firroring), femring, seksr(or)ing, sjurøring, åttring, sambøring og tendring. I utstillinga er største tal rom ein sjurøring. Dei tre største storleikane finst i dag berre av omtale.
Storleikar kan også reknast etter lengd på båten, etter talet på årer det blir rodd med, etter lasteevne og jamvel på fleire måtar. Her på Nordmøre er det talet på rom som har vore grunnstrukturen og som har vore supplert av lengda av kjøl og lodd, av lengda mellom stamnskjervingane. Det er nokså nær lengda av første omfar og berre litt kortare enn lengda av vasslina når båten ligg på sjøen.
Mindre enn båt er åfløy, kunte, eike. Pram er som oftast også mindre enn båt, men først og fremst flatbotna og utan kjøl. Større enn båt er jekt og farty. Større enn jekt og farty er skip. Fellesnemning for alt som er farande i, er farkost.