Eikje/øykje (i eldre tid også nu eller nau)

GBM JBG Frå Storleik Byggjar
25 362 Orkla x x

Utstillingstekst

Originaltekst

Dette er er ein stokkebåt frå Orkla. Nemninga eikje/øykje skriv seg frå at slike farkostar mange stader og i si tid vart laga av eik. Ordet har vorte hengande ved jamvel om dei vart laga av furu, slik som i Meldal.

Det finst også andre gamle nemningar. Ordet nu eller nau er det gamle ordet for uthola trestamme. Det går att i ord som vi kjenner; grisenu (trau for gris) i orda navigere[1] og i naust.

Båten er lånt ut frå Trøndelag Folkemuseum. Ho var i bruk i Orkla fram mot første verdskrigen. Det er frå Meldal det er henta opplysningar om tradisjon (Ola Grefstad). Uthola trestammer til farkost på vatn og sjø er slikt som ein helst ventar at høyrer bronsealder eller steinalder til. At denne uthola furua har vore bruka som farkost heilt opp til i det 20. århundra er såleis noko særleg.

Viktigaste bruk av eika var å ljostre/ljøstre. Det er å lyse med tyristikker frå ei ljøsterkorg og å stikke laksen med ein ljøstergaffel (som også kunne bli kalla furk).

Eikjene kunne òg nytta til frakt av krøtter over Orkla. Då vart det bunde saman to og to, slik at krøttera sto med to føter i kvar. Frå ferjing over Orkla finst det også att namn som Øykjlenda. Det var der dei lenda med eikjene. Trea til desse store eikjene skal mellom anna ha vore hogge på Baggavollen i Meldal.

Svar på eit behov

Når slike førhistoriske farkostar som eikja frå Orkdal har overlevd som bruksbåtar frå steinalderen og til i dag, lyt det ha noko med eigenskapar å gjera. I praksis har desse uthola stokkane fungert som flytande bruer og såleis vore særs godt skikka til laksefiske i ei høveleg stor og helst litt grunn elv. Det treng ikkje vera stort meir enn som eit siller før eikja flyt.

Fiskaren kunne bokstavleg tala gå litt opp og ned i straumen og samstundes sjå ned i sjøen i lyset frå eit ljøster. Lynraskt kunne han reagere på ein symjande laks og taka han på gaffelen.

Denne spesialiteten peikar på noko prinsipielt svært viktig. Det kan knyte seg mange behov til ein farkost på sjø, elv og vatn. Ikkje alle av dei går ut på å få stor fart for årer eller segl.

Hovudmål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
l
L 12 alen 660 cm Lengd mellom gavlane.
b 1 båtalen, 2 tommar 62 cm Innpå ripa
B
r
s
Atterskott
Sprang

Sjå Forklaring av mål