Geitbåten kan daterast lengst attande (Plansje 2.3/1.3)

Som type er geitbåten den vi kan datere lengst attande i tid her i landet og med fysiske prov på utformingstekniske detaljar. I bygrunnen i Trondheim er det grave fram delar av ein båt som ber umiskjenneleg utformingsdetaljar typiske for geitbåten. Desse bygningsdelane låg gjenbruka som golv i kulturlag frå tidleg 1600-tal. Då desse delane var båt har det såleis vorte skrive 1500 eller 1400.