Eksperimentering – Fleire Døme frå ei overgangstid
Jamvel om det i utgangspunktet let til å vera slik at lystringen kom til som ei plutseleg oppfinning og i ei utforming som sto for ein ny standard, er det mykje som tyder på at det også var omfattande famling. Det var Rolf Jensen Sjøasæter som er knytt til denne overgangen og som er nemnt framføre. Når vi ser på ein heil del av dei båtane som vart tekne i bruk til ymse føremål i brytningstida mellom nytt og gammalt ser vi at det har vore atskilleg famling.
Det er kanskje typisk at dette i særleg grad gjeld hjelpebåtar; notbåtar og spelbåtar. Dette var båtar der pris og volum truleg var viktigare enn fart og tryggleik.
Frå 1860-åra og framover var det også agitasjon i gang for å reformere båt-typane. Det var gjengs oppfatning at båtane frå Skagerrak og Hardanger sto på eit høgare utviklingssteg enn båtane lenger nord. Dette synet vart stødd av resultat i regattaene i Bergen 1865 og i Stavanger 1868. Sørabåtar kom først i mål i dei seglingane. Sunnmørsbåten (snidbetningen ) tedde seg som sein.
Det er klart at premissane for tevlingane påverka resultatet nokså mykje. Skagerrak er prega av jamn, men til vanleg ikkje i særleg sterk vind, og det er sjeldan at det ikkje blæs. Siglebåtar lyt vera breie nok til å bera eit stort segl. Samstundes kan ein basere seg på at det alltid blæs. Vindstille var å liggje i ham og vente på vind. Det er i skarp motsetnad til nord i landet. Der er det å ro synonymt med å fara på havet for å fiske. Det kan vera vindstilt månaden lang.
Når det så dommar laust, kan det bli svært sterk vind. Kravet til båtane vart at dei både var lettrodde og vêrsterke. Denne kombinasjonen slår inn i Hordaland, men blir særleg markert nord for Stad.
Regattaene fanga ikkje opp at det kring Stad og nordover stillast særlege krav til å kunne manøvrere i sterk vind. Lenger nord er også vindstilla noko normalt og ho kan vare månaden lang. Då lyt det roast. Den lettrodde båten er smal og lett.
Sagteknologien spela også inn. Med handsager og etter kvart sirkelsager var plansaga bord brått mykje billegare enn dei formhogne. Då som no har økonomiske argument hatt stor gjennomslagskraft. Det var fleire samverkande faktorar som alt i alt drog utviklinga i båtteknologien bort frå dei hogne halsane. Utstillinga har fleire døme.
Mulige tegninger/illustrasjoner
- Kart som vise Skagerrak, vestkysten og ‘nord for Stad’ som egne områder med forskjellige værforhold (og derfor forkjsellige båttyper)
- Mulig håndsag/sirkelsag?