Søfjords geitbåt, færing

GBM JBG Frå Storleik Byggjar
53 339 x Færing x

Utstillingstekst

Originaltekst

Dette er ei nokså sein utgåve av geitbåt og står her for ein vanleg søfjording som er tilpassa drivgarnsfiske etter sild. Båten er gjeven av Ketil Talmoaunet. Båten er laga om lag slik som vi i si tid lærde det av Ole Skålvik, dotterson til Ole Andreasen Reiten, også kalla Saksin eller Ola Sakså. Saksin var den mestproduserande geitbåtbyggjaren tradisjonen veit om. Han skal ha bygd ein stad mellom 600 og 1000 båtar.

Det særlege og tidlause med geitbåten er dette at botn er forma og hoggen til med øks og høvel. Botnborda er både vinna, hula og svinga. Dimed er heile båten tenkt innafor eit posisjoneringssystem. Prinsippet er koordinatar til målepunkt. Vi byggjer ut frå andre abstraksjonar enn teikning. Dette er forklara nærare i band 1 og i kapittel 4 og 5.

Det gamle prinsippet om posisjonsbygging og i den reinaste forma, er i dag å finne i Geitbåten. Prinsippet representerer etter alt å døme eit urgammalt system. Stavreiste hus har i seg ein tilsvarande tankegang (Sjå Beresystem, Godal me fl 2018). Det er påfallande likskap i prinsipp, jamvel om formene er heilt ulike. Kanskje vil nærare gransking avdekke posisjonering som prinsipp i fleire uttrykksformer.

Hovudmål

Mål Båtalen Metrisk Kommentar
l 8 alen, 1 tomme 444 cm
L 10 ½ alen 579 cm
b ¾ alen, 2 tommar 47 cm Båten er lagt ut ein tomme også i botn.
B 2 ¾ alen 151 cm 579 : 4 = 145 . Båten er 2 tommar brei. Dette kan vera kjøpar sitt ønskje ut frå kor og til kva båten skulle brukast.
r
s ¾ alewn ½ tomme 43 cm Det er normalt sidemål.
Atterskott
Sprang

Sjå Forklaring av mål

Det er ein nokså normale mål, men litt breiare enn gjennomsnittleg. Båten har 6” kjøl[1]. Det er mykje. Truleg er han tenkt til å skulle liggje på drevfjorden. Då var det om gjera å halde i mot for avdrift, slik at garna kunne styrast. Det vi kan sjå på denne båten tyder på at han var tenkt til å skulle liggje på drevfjorden etter sild. Det er ein sildegarnsbåt.